«Kompetanse for framtida»

Journalistikkstudentar på busstur gjennom søre Sunnmøre

Publisert: 17.02.2011 13:00 av Helle Nærø

Kvar ligg Herøy? Kva gjer Ulstein kommune rik? Dette og meir til fekk første klasse på journalistikk ved Høgskulen i Volda svar på, då dei var på guida busstur gjennom den maritime klyngja på søre Sunnmøre

Tekst: Kristin Forland, foto: Gaute Hareide

– Dette er ei ideell strekning for å teste kva bilen din kan klare. Her er satt opp fartsmålar, men bare éin, heilt i botn av tunnelen, spøkjer fotolærar Gaute Hareide, medan bussen susar gjennom Eiksundtunnelen på veg til Ulsteinvik.

Trond Berg fortel journalistikkstudentar frå HVO om historia til Ulstein Verft.
Trond Berg fortel journalistikkstudentar frå HVO om historia til Ulstein Verft.

Viktig med lokalkunnskap

Studentane får òg vite om ei stygg ulukke som skjedde i tunnelen for nokre år tilbake, og om pumpesystemet som held den undersjøiske tunnelen fri for vatn. Sju timar er satt av til denne danningsreisa, og på denne tida skal historia til heile søre Sunnmøre forteljast. Det vert mykje å fortelje på lita tid. Det er Jan Ytrehorn, høgskulelektor på Avdeling for mediefag, som saman med Gaute Hareide styrer mikrofonen i bussen.

– Målet med ein slik tur er å gi ei orientering om geografi og næringsliv i regionen. Dette er viktig kunnskap å ha med seg når journalistikklassen skal ut i praksis og lage lokale nyheiter, forklarar Ytrehorn.

”Gullsteinvik”

I Ulsteinvik besøker vi Ulstein Group ASA. Her blir imponerande teknologi synt fram, og når gruppa er utstyrt med gule hjelmar og plastsokkar på beina, får studentane bli med ombord på skipet ”Karianne”. Skipet, som har ein prislapp på 1,2 milliardar kroner, er nyleg ferdigstilt og er eit såkalla brønnintervensjonsskip, som ved hjelp av robotar kan reparere oljebrønnar djupt under vatn.

Trond Berg, frå Ulstein Group, fortalde om historia til verftet, og ville gjerne at media ikkje bare fokuserte på ”Gullsteinvik”, på kor mykje pengar folk i Ulsteinvik har, men og på korleis pengane vart putta inn i nye investeringar, og velferd i kommunen.

– Etter Rolls Royce kjøpte verftet i 1999, kunne pengane frå salet gått rett i lommene på eigarane, men dei valde i staden å investere i det som no er blitt Ulstein Group, og er dermed med på å oppretthalde den maritime næringa på Sunnmøre. 

Fugl, fisk og fornybar energi

Dårleg fiskelukke gjorde at den planlagde turen til eit fiskemottak måtte avlysast, og turen gjekk difor vidare til Runde miljøsenter i Herøy kommune, der fokus vart satt på den unike naturen Sunnmøre har å by på. Dagleg leiar Nils-Roar Hareide kunne freiste friluftsinteresserte studentar med eit unikt fuglefjell. Det vart og vist live-oversikt over båttrafikken langs Sunnmørskysten, som viste eit tilsynelatande kaos av fiskebåtar og frakteskip.

Live-oversikt over båttrafikken langs Sunnmørskysten
Live-oversikt over båttrafikken langs Sunnmørskysten

Mediestudentane fekk sjå korleis ein kan nytte sjøen til å lage fornybar energi, og fekk med seg ein bodskap frå Nils-Roar Hareide:

– Kysten utanfor Sunnmøre er meir sårbar enn Lofoten, sjølv om ein skulle tru noko anna basert på det som står i media.