«Kompetanse for framtida»

Studentar ved lærarutdanninga fekk kurs i Gründercamp

Publisert: 07.02.2011 13:40 av Helle Nærø

Studentar frå det andre året i allmennlærarutdanninga ved Høgskulen i Volda har denne veka fått opplæring i organisering og avvikling av programmet Gründercamp.

Gründercamp som pedagogisk metode i grunnskulen

Høgskulen er den einaste utdanningsinstitusjonen i Noreg som til no har sett Gründercamp på timeplanen i lærarutdanninga. Gründercamp er eit undervisingsprogram for ungdomsskulen, og det er difor viktig at lærarstudentane har kunnskap om denne metoden.

Samarbeidspartnarar

(F.v.) Samarbeidspartnarane Sissel Tegelsrud Kolstad (UE), Bjørn Gunnar Tafjord (HVO) og Kjell Antvort (HVO).

Samarbeidsprosjekt

Det er samarbeidet mellom arrangørane Ungt Entreprenørskap i Møre og Romsdal (UE), lærarutdanninga og FORNY-gruppa ved Høgskulen i Volda, som har gjort det mogleg å sette undervisingsprogrammet Gründercamp på dagsorden i lærarutdanninga.

Sissel Tegelsrud Kolstad frå Ungt Entreprenørskap i Møre og Romsdal var engasjert for å halde kurs for lærarstudentane. Seinare denne månaden, i veke 8, kjem Guttorm Ulla frå NHO Møre og Romsdal for å forelese i problematikken rundt overgangen mellom ungdomstrinn til vidaregåande skule, og frå vidaregåandeskule til arbeidsliv eller høgare utdanning. Her vil han nytte gründercampmetodikk i samband med ein idèverkstad om temaet. Studentane vil då få høve til å kome med framlegg om tiltak i grunnskulen for å hindre fråfall, og til ordningar som gjer at alle kan finne ein plass i arbeidslivet.

Kreativitet og nytenking

Gründercamp som metode har fokus på kreativitet og nytenking. Elevane får problemstillingar som skal løysast i løpet av ei gitt tid. Problemstillingane skal være realistiske og gjerne gitt av lokalt arbeidsliv, som også skal rettleie elevane undervegs. Gründercamp skal stimulere kreativitet, samarbeid, problemløysingsevne, presentasjonsevne og læringsmiljø, og er eit samarbeid mellom skule og næringsliv.

Faget Utdanningsval

Gründercamp blir i opplegget for allmennlærerstudentane ved HVO sett i samband med det obligatoriske faget Utdanningsval i grunnskulen. Faget er ein del av Kunnskapsløftet, og målsettinga er at alle elever skal utvikle grunnleggande evne og kompetanse for å kunne ta aktivt del i kunnskapssamfunnet. Elevane skal få betre kunnskap og rettleiing om ulike utdanningsvegar og yrke, i tillegg til utprøving i arbeidslivet. Rettleiing som er tilpassa individuelle behov, vil  auke sjansane for at eleven fullfører vidaregåande opplæring.

Gründercamp-juryen, 2011
Juryen nominerer kandidatane. (F.v.) Kine Norheim (Hials), Torbjørn Håskjold (Frost Media) og Oddbjørn Nes (HVO).

Gjennomførte Gründercamp

Studentane gjennomførte gründercamp-programmet, for å betre kunne identifisere seg med elevane i grunnskulen. Dei vart oppdelte i 12 grupper og fekk  ulike oppdrag, som skulle løysast og presenterast. Oppdraga vart gitt av ulike lokale bedrifter, Ørsta og Volda kommune og Høgskulen i Volda.

Studentane sjølve opplevde Gründercampen som god praksis, og dei kunne fortelje at dei synest oppgåva var både utfordrande og lærerik.

Vinnarane av Gründercamp 2011
Vinnarar av Gründercampen 2011. (F.v) Lene Marie Vasseth, Jon Sandnes, Kristin Slettedal, Karin Vøllo
og Hildegunn Rønning.

– Oppgåva vi fekk gjekk ut på å skissere eit prosjekt for ungdom som trengde eit alternativt tilbod til skulegang. Tilbodet skulle rettast mot ungdom på vidaregåande skulenivå, evt. eldre ungdom som aldri fullførte, seier allmennlærarstudenten Kristin Slettedal. Ho legg til at ho ikkje var klar over at så mange ungdommar sluttar i vidaregåande opplæring før utdanningsløpet er fullført.

Furene AS hadde gitt studentane god rettleiing undervegs i prosjektet.

Les om Gründercampen frå 2010