«Kompetanse for framtida»

Tre større VRI-prosjekt mot maritim og marin næring til 1,3 mill

Publisert: 29.11.2010 14:30 av Kristian Fuglseth

- Høgskulen har inngått tre større avtalar med maritim og marin næring til ein samla verdi av 1,3 mill kroner om utvikling og produksjon av film- og animasjonsprodukt med tilhøyrande pedagogisk presentasjonsmateriell, i tillegg til ein komplett kommunikasjonsstrategi med profilhandbok, melder prosjektleiar Bjørn Tafjord for VRI-prosjekta ved Høgskulen i Volda.

VRI står for verkemidlar for regional utvikling og innovasjon. Les meir på www.hivolda.no/vri.
Eit av måla med VRI-prosjekta er å knyte saman ressursane i fagmiljøa ved Høgskulen i Volda
til lokal, maritim verksemd.






Marin Harvest – pedagogisk opplæring og rekruttering gjennom visualisering

– Dette prosjektet er ein del av rekrutterings- og omdømmearbeidet til  havbruksnæringa for Opplæringskontor for fiskerinæring og sjøfart og Marine Harvest Norway der ein ynskjer å utvikle pedagogiske metodar for informasjonsformidling av heile verdikjeda i havbruksnæringa, forklarar Tafjord.

– I ei tid då mobiliteten til arbeidskrafta/produksjonen i heile verda er i endring, er det viktig for bedrifter og lokalsamfunn å bygge omdømme og sikre ei god yrkesrettleiing for å få kvalifisert arbeidskraft for framtidig vekst.

– I tillegg vil Marine Harvest ha utvikla eit system som også kan gje nettbasert vurdering og opplæring for lærlingar og praksiskandidatar i fiskeindustri og industriell næringsmiddelproduksjon. Ein vil gje lærlingar i mindre bedrifter med lang avstand til skular og kompetansemiljø, moglegheiter for å gjennomføre nettbaserte modular i opplæringa.

Heile prosjektet har ei ramme på 510 000 kroner, og er finansiert av Marin Harvest og VRI, medan Høgskulen i Volda står som leverandør av produksjonen.

Prosjektansvarleg er  Sverre Liestøl ved Avdeling for mediefag. Steinar Høydal, Reidulf  Botn, Gaute Hareide og Dave King frå ulike fagmiljø på avdelinga er også med.

Ved Høgskulen i Volda er også fagmiljøet ved Media, IKT og Design (MID) ved Avdeling for kulturfag. Desse er spesielt involvert i pedagogisk tilpassing av produksjonen.

Industriell animasjon om HMS-reglar

– Dette prosjektet handlar om helse, miljø og tryggleik ved Kleven Maritime, seier Tafjord. Her er målsetjingane opplæring, visuell formidling og kommunikasjon, god informasjonsflyt og kompetanseutvikling for verksemda.

– Kleven Maritime ønskjer ein animert HMS-film med fokus på kritiske tryggleiks- og HMS-reglar. Dette vil vere ein introduksjonsfilm som skal nyttast mot fleire grupper av nytilsette på verfta. Dette ønskjer ein å gjere i samarbeid med mediemiljøet ved Høgskulen i Volda.  Kleven ønskjer seg ein innovativ måte å formidle eit viktig bodskap på, og ser ein slik film som eit viktig bidrag i å skape ein god HMS-kultur i verksemdene

Ein reknar med å få prosjektet formelt godtkjent i løpet av desember. Kleven Maritime og VRI vil stå for størsteparten av finansieringa, som er rekna til 450 000 kroner. Høgskulen i Volda bidreg med ein eigenandel knytt til produksjon.

Nytilsett professor 2, Dave King er spesialist i industriell animasjon, og vil saman med filmprodusent Steinar Høydal ved Avdeling for mediefag stå for produksjonen ved Høgskulen i Volda.

Strategisk kommunikasjon og visuell identitet for ny verksemd

– Norwegian Technology Suppliers (NTS) er ei gruppe av 11 norske leverandørselskap til fiskeflåten. No skal dei ha eit framstøyt mot den russiske havfiskeflåten som står framfor store renoveringsinvesteringar i tida som kjem, forklarar Tafjord. I kontakta austover treng NTS animasjonsfilmar og materiell til å presentere seg og teknologien sin på ein samla måte.

I samband med den russiske president Medvedev sitt statsbesøk i Oslo i slutten av april laga VRI ved Høgskulen i Volda, i samarbeid med Frost Media i Ørsta, ein presentasjon for grupperinga Norwegian Technology Suppliers (NTS). Les meir i eiga sak på www.hivolda.no

– Målsettinga vidare er å lage ein presentasjon av NTS-grupperinga som dei kan bruke ved meir formelle presentasjonar. Dette vert ein presentasjon for kommersielt bruk som gjer det mogleg å synleggjere dei ulike komponentane NTS produserer for den russiske og internasjonale marknaden.

– Dette arbeidet vert utført av Frost Media i Ørsta, i samarbeid med fagmiljøet ved Høgskulen i Volda, som vil arbeide med ein heilheitleg kommunikasjonsstrategi og felles visuell identitet for NTS-partnarane. Prosjektet er finansiert av NTS og VRI, og har ein samla verdi på 350 000 kroner.