«Kompetanse for framtida»

Animasjonsfestivalen: Gimpville vann pris for beste industrianimasjon

Publisert: 17.09.2010 09:15 av Kristian Fuglseth

Den verdskjende animatøren Paul Wells sat i juryen som bestemte at firmaet Gimpville skulle få årets pris for industrianimasjon. I eit intervju med NRK spår han at eit kompetent miljø i Volda vil oppleve ei auka interesse for industrianimasjon. - Det er eit veksande behov i næringslivet på Sunnmøre.

Gimpville(external link) vann prisen for beste industrianimasjon med filmen Crossing energy frontiers som dei laga for Statoil(external link)

Lene Trude Solheim i intervju med NRK

Også informasjonssjef Lene Trude Solheim i Ulstein Group(external link) seier at industrianimasjon er eit viktig hjelpemiddel som vil tilføre deira produkt og tenester betydeleg effekt.

Alt er nyskaping

Animasjonsfilmane skaper bilete og inntrykk som er umogleg å få frå levande film.

Simon Nyhus i intervju med NRK

Det ligg mykje arbeid bak vinnarfilmen, og vi måtte ty til nyvinningar heile tida, fortale Simon Nyhus i vinnarselskapet Gimpville til NRK.(external link)

– Vi har heile tida vore nøydde til å finne smarte og nye løysingar for å få alt til å henge i hop, seier Nyhus i fjernsynsintervjuet.(external link)

Seminar om industrianimasjon

Prisen for industrianimasjon var delt ut i samband med www.animationvolda.com. (external link)

Torsdag denne veka arrangerte animasjonsfestivalen eit seminar på Volda Turisthotell med tittelen "Industrial Animation, Boring Information or Communication Art".

Målgruppa for seminaret var både filmskaparar og mediefolk, og næringslivet lokalt og nasjonalt.

Seminaret var eit VRI-prosjekt

Høgskulen i Volda og mellom anna animasjonsmiljøet har gjennom VRI-prosjekt (Virkemidler for regional FoU og innovasjon) arbeidd for kunnskapsutvikling, innovasjon og verdiskaping mot maritim industri. Les om fleire samarbeidsprosjekt som studentar og fagmiljøa i Volda har med den maritime næringa.