«Kompetanse for framtida»

Animasjonsfestivalen i Volda med fokus på industrianimasjon

Publisert: 10.09.2010 14:30 av Kristian Fuglseth

Høgskulen i Volda og Vestnorsk Filmsenter set fokus på bruken av animasjon i ulike former for oppdragsfilm i samband med årets utgåve av animasjonsfilmfestivalen AnimationVolda 16.–18. september 2010. - Vi arrangerer eige seminar og konkurranse om industrianimasjon, melder Gunnar Strøm ved animasjonsutdanninga.

Gunnar Strøm ved animasjonsutdanninga i Volda

– Torsdag 16. september kl. 10.00-15.00 arrangerer vi et seminar på Volda Turisthotell med tittelen "Industrial Animation, Boring Information or Communication Art", melder Strøm.

– Målgruppe for seminaret er på den eine sida filmskaparar og mediefolk, på den andre sida næringslivet lokalt og nasjonalt.

Professor Paul Wells vil holde det innleiande foredraget. Utstillingsleiar Geir Mossige Johannesen ved Norsk oljemuseum i Stavanger vil vise dømer og fortelje om kvifor oljemuseet bruker animasjon i si formidling til publikum.  Dave King vil presentere prosjekt han har gjort for Shell og bygningsindustrien. Christoffer Furnes frå Fuglefjellet i Ålesund vil presentere sitt samarbeid med bl.a. Statoil.  Endelig program vil bli lagt ut på  www.hivolda.no/industrialanimation og www.animationvolda.com. (external link)

Kåring av beste industrianimasjon

Kvelden før seminaret, onsdag 15. september kl. 19.00-20.30, inviterer vi filmskaparar og næringslivet på Sunnmøre til ei visning av industrianimasjonsfilmar på Volda Turisthotell. For påmelding av film, sjå eigen informasjon på  www.hivolda.no/industrialanimation.

Filmane vil konkurrere om ein pris for beste film på minimum NOK 10.000 gitt av næringslivet på Sunnmøre.  Filmane skal være laga i 2009 eller 2010 og alle filmar kortare enn ein halv time frå Norden og Baltikum der minst 50 % av filmen er animert, kan delta i konkurransen.  En forhandsjury vil plukke ut filmane til konkurransen, og kåringa av beste film vil skje av en jury der m.a. designar Øyvind Kamsvåg (Ulstein Group) og professor Paul Wells vil vere med.

Prisen for beste film vil bli delt ut under opninga av AnimationVolda på Volda Samfunnshus torsdag 16. september kl. 18.00.

Seminaret er eit VRI-prosjekt