«Kompetanse for framtida»

VRI hjelper NTS med presentasjon under presidentbesøk

Publisert: 03.06.2010 15:00 av Marthe Alnes

I samband med den russiske president Medvedev sitt statsbesøk i Oslo i slutten av april laga VRI ved Høgskulen i Volda, i samarbeid med Frost Media i Ørsta, ein presentasjon for grupperinga Norwegian Technology Suppliers (NTS).

Hausten 2009 gjekk elleve norske selskap saman om å danne gruppa Norwegian Technology Suppliers (NTS). Nokre av partnarane er lokale aktørar som Brunvoll, Nogva, Optimar og Triplex.

Fellesnemnar for NTS-selskapa er fokuset på fiskeflåten. NTS vart danna med tanke på renoveringsprosessen  som tok til i Russland innan deira eiga havfiskeflåte. Russiske styresmakter har ein plan om å renovere og byggje nytt fram til 2020, totalt omlag 250 fiskefartøy, og er i tett dialog med Noreg om dette.Etter at NTS hadde ei presentasjonsreise til Aust-Russland i februar for å orientere om ei analyse av fiskeriselskapa i denne regionen, kvoter, flåtestruktur og samansetting av flåten, fekk dei ein forespørsel frå den russiske arrangementskomiteen om å foreta ein presentasjon av grupperinga i Oslo den 26. april.

Synergieffekt til lokale aktørar
– Då NTS tok kontakt rett før påske og presenterte prosjektet var eg ikkje i tvil om at dette var noko vi burde hjelpe til med. I tillegg til at VRI gjennom ulike prosjekt samarbeider tett med regionale bedrifter innan maritim og marin bransje er det også eit mål å bygge opp eit godt samarbeid med regionale mediebedrifter. Tanken er å kunne samarbeide med desse i tilknyting til gjennomføringa av konkrete medieprosjekt som desse bransjane etterspør.  Mediebedrifta Frost Media i Ørsta har sitt utgangspunkt i bachelorutdanninga vår i Media, IKT og Design (MID) på avdeling for kulturfag. Studentane etablerte bedrifta rett etter avslutta utdanning. Høgskulen samarbeider med Frost Media også på andre område og har den nødvendige kompetanse og innsikt til å utføre slike oppdrag, seier prosjektleiar i VRI Bjørn Gunnar Tafjord.

Frost Media fekk gjennom VRI-prosjektet difor oppdraget med å laga ein presentasjon for NTS-grupperinga. Alle partar har vore involvert i planlegginga av  prosjektet som utgjer første resultatmål i samarbeidet mellom VRI-prosjektet ved høgskulen, Frost Media og NTS, seier Tafjord.

VRI-prosjektet  ved Høgskulen i Volda fungerer som bindeledd mellom næringsliv og FOU-miljø. Fokusområde er mediefeltet men det vert også arbeidd med kompetanseheving innanfor HR-området i bedriftene. VRI Møre og Romsdal er eit tverrfagleg bidrag til det maritime innovasjonssystemet, og skal mellom anna fremje kunnskapsutvikling, innovasjon og verdiskaping.  I tillegg til HVO er både Høgskulane i Ålesund og Molde, samt Møreforsking Marin i Ålesund med i prosjektet. 

Du kan sjå heile presentasjonen til NTS her. Les meir om VRI Møre og Romsdal og Frost Media.