«Kompetanse for framtida»

Historieseminar i Ulsteinvik: ”Verft i verda”

Publisert: 16.04.2010 07:55 av Kristian Fuglseth

HIFO Nordvestlandet inviterer med dette til eit spanande og variert dagsseminar i Ulsteinvik laurdag 24. april 2010.

Seminaret vil handla om verftsindustrien i denne bygda - eit moderne industrieventyr som vil bli vurdert frå ulike synsvinklar i tre foredrag: Professorane Arnljot Løseth og Arild Hervik vil presentera historiske oversyn over verftsindustrien frå starten tidleg på 1900-talet fram til våre dagar. Deretter vil professor Håkon With-Andersen gje ei framstilling av Ulstein og sunnmørsk verftsindustri elles i eit større globalt perspektiv. Under vegs blir det omvising på Ulstein verft, med skipsdåp kl. 15.00 som ein særskild attraksjon. Til avslutning blir det omvising med orientering på verftsmuseet i Ulsteinvik.Seminaret vert halde på Ulstein verft og er kostnadsfritt for deltakarane.


Program

13.00 – 14.30:  to foredrag om Ulstein verft

Professor Arnljot Løseth, Høgskulen i Volda: ”Framveksten av den maritime klyngen i Ulsteinvik fram mot 1980”

Professor Arild Hervik, Høgskulen i Molde: ”Utviklingen av den maritime klyngen fra 1987 fram til i dag”

14.30 – 15.30:  omvisning på Ulstein verft, inkl. dåp av nytt skip Normand Ranger

16.00 – 17.00: foredrag Professor Håkon With-Andersen, NTNU: ”Norsk og internasjonal skipsbygging i det 20. århundre - klynger eller kompleks?

17.00 – 18.00: omvisning i Ulsteinvik inkl. besøk på verftsmuseet, med Elias Sellevoll som cicerone.