«Kompetanse for framtida»

Taremareby, ein familiepark i blomstringsfasen

Publisert: 29.03.2010 14:15 av Helle Nærø

Taremareby er ein familiepark i utvikling og skal etablerast på Fjørtofta. Prosjektet er eit framhald av eit studentprosjekt ved Høgskulen i Volda i samarbeid med Møreforsking Ålesund og VRI.

Bakgrunn
VRI-prosjektet ved Høgskulen i Volda gjekk i 2009 saman med FoU-miljøet i planlegginga for å skape ein fellesnemnar for Taremareby familiepark og ville i samband med dette få til eit designkonsept og ei engasjerande reklamekampanje for barnefamiliar.

Ved hjelp av forteljinga ”Det hende i Taremareby” av Ingebrigt Davik skulle fem Media, IKT og Design-studentar, med Hildegunn Welle i spissen, utforme eit marknadsføringsprosjekt og ei kampanje for parken. Hildegunn Welle gjorde prosjektet som bacheloroppgåve, og styrte då ei gruppe på fire førsteklassingar. Fride Vedde ved HVO fungerte som rettleiar for studentane i første del av prosjektet. Prosjektleiar i VRI ved Høgskulen i Volda Bjørn Gunnar Tafjord, oppdragsgjevar og gründer for Taremareby Familiepark Sigrun Fjørtoft samt Kari L. Fjørtoft frå Møreforsking Marin i Ålesund var også på ulike måtar involverte i planlegging og gjennomføring av prosjektet.
Studentprosjektet var retta mot friluftsinteresserte, barnefamiliar og bedrifter, der marknadsføringa blei konsentrert rundt barnefamiliane. Som eit resultat er det produsert ein nettstad for ”Taremareby Familiepark” med ulike funksjonar, deriblant ein flash som syner sluttprodukta frå studentprosjektet våren 2009. Konseptet vart fullført i slutten av november 2009.  

Nettstad
Nettstaden som er laga i samband med prosjektet har som mål å gjere sjølve konseptet kjent for omgivnadane. Målgruppa som prosjektgruppa ynskjer å nå er først og fremst investorar, politikarar og andre spesielt interesserte. Nettstaden gir difor oversikt blant anna over innhald i familieparken, samt framgang og utvikling i prosjekt og planlegging.

– Nettstaden er det viktigaste elementet i marknadsføringa av familieparken og er meint som ein marknadsføringskanal ut mot interessentar knytt til finansiering og utvikling av parken, politikarar og også ut mot barnefamiliar, fortel prosjektleiar ved Ulstein IT-Senter Hildegunn Welle og prosjektleiar i VRI Bjørn Gunnar Tafjord.

Grunnleggarane vonar også at turistparken skal bidra til auka turisme og kystliv.

Utklipp frå vevsida til Taremareby Familiepark

Les meir om prosjektet på nettstaden til Taremareby Familiepark(external link)

Kontaktpersonar for prosjektet
Hildegunn Welle, Folkeweb: design@folkeweb.no
Bjørn Gunnar Tafjord, VRI: bt@hivolda.no