«Kompetanse for framtida»

Spanande samarbeid med Wales

Publisert: 09.02.2010 22:00 av Cecilie Wilhelmsen

Høgskulen i Volda har utvikla eit tett og godt samarbeid med University of Glamorgan i Cardiff, Wales. I går, måndag, hadde vi igjen besøk frå leiar av masterutdanninga i animasjon ved dette universitetet, Gerald Emanuel, for å diskutere spanande framtidsprosjekt innan animasjon, med vekt på industriell animasjon.

University of Glamorgan er ein av våre viktigaste partnarar i Europa og var tidlegare plassert i gruveområdet utanfor Cardiff. Dei siste åra har dei hatt ei stortilt investering i eitt nytt og tidsmessig bygg for design og mediefaga i hjartet av Cardiff, kalla ATRiuM . Universitetet har investert 130 millionar pund på dette bygget og på ny campus for å sikre studentane det optimale læringsmiljø. Det siste tillegget inkluderer ei utbygging på 10 millionar pund for helsefag og sportstudentar på Glyntuff campus (sjå biletet over) der ein vil finne sportsfasilitetar i verdsklasse og nye studentbustadar.

HVO samarbeider med Glamorgan innanfor fleire område frå kunst og handverk til animasjon og vi har bl.a. to EU-prosjekt der Glamorgan er ein av samarbeidspartnarane våre, "Acting for animation" og "Arts in education". Acting for animation blir arrangert for 2. år på rad i Volda i tida 6.-20. april medan Arts in education eller "Arts and understanding" som er årets tittel, vert arrangert i Tyrkia i tida 11.- 28. juni.

Leiar av internasjonalt kontor, Cecilie Wilhelmsen, har stor tru på samarbeidet med Glamorgan, som mellom anna omfattar utviklingsarbeid innan animasjon. Gårsdagens samtaler handla om moglegheitene på dette feltet i åra framover. Vi ser føre oss store og spanande utfordringar, knytt til nye former for animasjon, m.a. 3D animasjon og industriell animasjon. Utviklinga går rivande fort, og Høgskulen i Volda ser eit stort potensiale innan animasjon der samspelet med næringslivet i fylket vårt er heilt sentralt.