«Kompetanse for framtida»

Tidlegare voldastudent driv med lyd i merkevarebygging

Publisert: 27.01.2010 10:50 av Kristian Fuglseth

Erlend Viken studerte Media, IKT og design ved Høgskulen i Volda i fjor. No har han starta eige firma som driv med lydbranding. I samarbeid med VRI-prosjektet i Volda har han utvikla ein heilheitleg lydprofil for Ulstein Group. I dag kjem Viken til Volda med suksessbandet Soup.

Høyr ein av hovudmelodiane frå Erlend Viken si lydprofilbok til Ulstein Group

Ein lydprofil er ei auditiv verktykasse for Ulstein Group med bedriftsmelodi, lydlogo, lydspråk, stemmer og retningslinjer for bruken av desse i ulike kommunikasjonskanalar.


Prosjektet var avslutta i fjor, og saman med seg hadde Erlend Viken hans firma LydBranding med seg designar Thomas Lewe frå Avdeling for mediefag. Lewe underviser mellom anna i grafisk- og strategisk design.

– Målet med eit slikt prosjekt er å styrke Ulstein verft sitt omdømme og konkurranseevne, og auke profil- og merkevareverdien, forklarar Tafjord, som leiar VRI-prosjektet i Volda.

– Det gir samhald i verksemda og motivasjon gjennom forsterka identitet på den eine sida, men er også veldig viktig for å rasjonalisere og spare ressursar når ein skal utforme audiovisuelle produksjonar.

Les meir på www.lydbranding.no(external link)

Sjå eit av studentarbeida til Viken frå studietida i Volda: Stupeballeria (videosidene til HVO-veven)

Stor suksess med SOUP

Erlend Viken har hatt stor suksess med bandet Soup, og fått gode kritikkar media. I dag, onsdag 27. januar, kjem han til Volda saman med trønderprosjektet Trondheim Calling.(external link) 

Du kan også lese meir om dette på Rokken si heimeside.(external link)