«Kompetanse for framtida»

Med Ivar Aasen rundt livet

Publisert: 27.11.2009 11:50 av Marthe Alnes

Fire allmennlærarstudentar hadde i vinter Ivar Aasen-tunet som oppdragsgivar på ein gründercamp, og resultatet har alt blitt ein stor salssuksess på nettbutikken til Aasen-tunet.

Oppdraget som Maria Løfoll, Øydis Ottesen, Linda M. Henriksen og Åsa Sunniva Gravås fekk, var å utvikle eit nytt produkt for sal i butikken i Ivar Aasen-tunet og som kan appellere særleg til ungdom. Studentane vurderte mange ulike produkt før dei valde å satse på ei underbukse med namnet til Ivar Aasen på linningen.   

Les heile artikkelen på Ivar Aasen-tunet sine sider og sjå salssuksessen i nettbutikken.