«Kompetanse for framtida»

Ulsteintilsette i engelskopplæring

Publisert: 29.10.2010 13:15 av Kristian Fuglseth

Denne hausten startar 16 tilsette i Ulstein Group på Business English ved Høgskulen i Volda, eit skreddarsydd opplæringsprogram for å auka språkkompetansen mellom dei tilsette. - Vi opplever at kompetansegjevande kurs for tilsette gjev verksemda eit fortrinn, seier opplæringsleiar Trond Berg.

– Medarbeidarane våre skal føle seg trygge i den engelsken dei brukar til dagleg, seier Berg.

Kurset vert halde i Ulstein Group sine eigne lokale av tilsette frå Institutt for språk og litteratur i Volda, og den første av ni kurskveldar starta sist veke.

Bilete av opplæringsleiar Trond Berg i Ulstein

Opplæringsleiar Trond Berg i Ulstein Group

Mottakaren er til sjuande og sist engelskspråkleg

Våren 2008 gjekk Ulstein Group over til engelsk som konsernspråk, og det betyr at all skriftleg, formell kommunikasjon skal vera på engelsk.

Senior Engineer Tommy Norhagen i Ulstein Verft, Product Developer Geir Haddal i Ulstein Elektro (bak) og Department Manager Nils Jørgen Sundal i Ulstein Verft går for tida på kurs i forretningsengelsk.

Senior Engineer Tommy Norhagen i Ulstein Verft, Product Developer Geir Haddal i Ulstein Elektro (bak) og Department Manager Nils Jørgen Sundal i Ulstein Verft går for tida på kurs i forretningsengelsk.

-  Vi brukar engelsk både internt og eksternt, forklarar Nils Jørgen Sundal, Department Manager ved Ulstein verft.

- Sjølv om ein e-post i første omgong berre går til ein norsk kollega, endar den til sjuande og sist i ei eller anna kommunikasjonslinje ute i verda likevel, anten det er eit verft i Polen eller hjå andre som brukar engelsk. Det kan vere kva som helst, seier Sundal.

Tilsette skal kjenne seg tryggare

- Det er ikkje alltid lett å få fram det ein vil seie eller skrive, legg kollegaen i klasseromet til.

- Sjølv om vi nyttar tekniske omgrep som er like på mange språk, må ein likevel skrive forklaringar. Då manglar vi ordforråd. Slik er eit skikkeleg engelskkurs verdifullt.

- Fleire treng språkkompetansen og vil kjenne seg tryggare, fortel Trond Berg, opplæringsleiar i Ulstein Group.

- Opplæringsprogrammet skal stadfeste kompetansen mellom dei tilsette.

- Ulstein Group vil at dette skal vere eit fast tilbod til dei tilsette, og for nokre stillingar i spesielle roller bør det kanskje vere obligatorisk, seier han med eit smil.

Kjetil Myskja, høgskulelektor ved Institutt for språk og litteratur, Høgskulen i Volda.

Kjetil Myskja, høgskulelektor ved Institutt for språk og litteratur, Høgskulen i Volda.

Stor interesse

- Høgskulen i Volda nyttar opplæringsprogrammert English for Business Communication frå Cambridge University Press. Målet er å utvikle opplæringsprogrammet vidare slik at det kan ende opp som studiepoenggivande kurs for dei tilsette. Vi ser føre oss både ein grunnleggande og ein vidaregåande del av eit heilt program, forklarar instituttleiar Kjetil Myskja ved Institutt for språk og litteratur på Høgskulen i Volda.

- Neste gong skal tilsette ta med ord og utrykk frå sine fagfelt og bruke desse i gode setningar for å utvikle det språket dei nyttar til dagleg.

Trond Berg legg til at dei no har 16 påmelde til ni kurskveldar, men åtte tilsette står på venteliste. Eg trur enno fleire ville melde seg på, men no var det ikkje plass til fleire, seier Berg.

- Ni kveldar er akkurat passeleg, og det passar perfekt no i haustmørket, kommenterer Product Developer Geir Haddal på veg ut gjennom døra. Timinga for vår del er bra. Nokre kveldar no i haust, så får det søkke inn i jula, før vi gjer oss ferdige etter nyttår, seier han.

Verkemidlar for regional FoU og innovasjon (VRI)

- Opplæringsprogrammet er eit samarbeidsprosjekt mellom Ulstein Group og Høgskulen i Volda i regi av VRI-prosjektet. Prosjektleiar Bjørn Gunnar Tafjord er prosjektleiar for Verkemidlar for regional FoU og innovasjon (VRI) ved Høgskulen i Volda, og legg til at kursa kan tilpassast andre verksemder og såleis bli eit viktig bidrag i kompetansehevinga i regionen.

- Det er eit klart mål for Høgskulen i Volda å bygge ein kultur for vidareutdanning og kompetansebygging mellom næringsliv og regional høgskule, understrekar han.

- Kursa tek føre seg engelsk språk for møter, sosiale samanhengar, forhandlingar, presentasjonar, telefon, e-post og andre korrespondansar. Dette er noko av det vi vil bygge vidare på i ein vidaregåande del av kursa.

Les også saka som er publisert i Vikebladet/Vestposten

Illustrasjonsbilete. Ulsteintilsette på engelskkurs.