«Kompetanse for framtida»

Høgskular vil FORNYe Midt-Noreg

Publisert: 20.03.2009 13:40 av Marthe Alnes

To gonger i året møtest fleire høgskular frå region Midt-Noreg til idéutveksling og formidling. Desse utgjer ei nettverksgruppe til Forskingsrådsprogrammet FORNY, og sist veke var Høgskulen i Sør-Trøndelag vertskap for nettverksgruppa.

Høgskulelektor Bjørn Gunnar Tafjord ved Høgskulen i Volda er prosjektleiar forForskingsrådsprogrammet FORNY. Prosjektet fokuserer på kommersialisering av kunnskapsbasert nyskaping innanfor høgare utdanning. Målet er å auke verdiskapinga i Noreg ved å motivere tilsette og studentar til å etablere eiga verksemd anten i form av bedrift eller lisensavtalar.

FORNY-nettverket arbeider for å løfte fram dei gode ideane frå kvar enkelt høgskule.

Mange veit ikkje i kva ende dei skal ta til, og tenkjer at det er eit styr å setje i gang prosessen med patent, lisensar og søknader. FORNY er eit eineståande tilbod til studentar og tilsette. Ein får god hjelp gjennom heile oppstartprosessen fram til etablert bedrift eller lisensavtale dersom ein har ein idé med potensial, og i dag eksisterer det faktisk over 200 etablerte verksemder i Noreg som ein konsekvens av FORNY, fortel Tafjord.

Spirande forskarar og etablerarar
Komande studieår tek ein sikte på å etablere ein eigen studentorganisasjon, START Volda, der studentane sjølve arbeider med aktivitetar knytte til nyskaping. START Volda vil få støtte frå FORNY-prosjektet til seminar, temakveldar, næringslivsdag m.m.

Det er viktig at vi tek studentane med på laget for å opplyse om kva FORNY kan bidra med, og for å auke tilfanget av gode idear, seier Tafjord. Ideane treng ikkje vere høgteknologiske, men dei skal vere nyttige og føre til auka verdiskaping. Bindersen og ostehøvelen er gode døme i så måte.

Fin delekultur
Nettverket er viktig, både for å dele erfaringar og til inspirasjon i arbeidet. Eg får tips om nye arbeidsmetodar når eg høyrer korleis andre gjer ting. Det er både ulikskap og fellesnemnarar, og begge delar er nyttige å ta med seg. Eg nyttar nettverket bevisst til påfyll og motivasjon. Og så er vi svært flinke til å dele kunnskap og erfaringar med kvarandre, avsluttar Bjørn Gunnar Tafjord.

FORNY-nettverket i Midt-Noreg
Høgskolen i Nord-Trøndelag (HiNT)
Høgskolen i Molde (HiM)
Høgskolen i Ålesund (HiAls)
Høgskulen i Volda (HiVolda)
Høgskolen BI Trondheim
Høgskolen i Sør-Trøndelag (HiST)
Møreforsking AS
Leiv Eiriksson Nyskaping AS (LEN)


Nettverksgruppa til Forskingsrådsprogrammet FORNY
FORNY-nettverket, bak f.v.: Øivind Strand (HiAls), Espen Gressetvold (HiST), Bjørn Gunnar Tafjord (HiVolda), Frank Almli (HiST), Arild Petersen (LEN), Gaute Moldestad (LEN), Britt Paula Mørkved (HiNT), Britt Mellegaard (LEN), Ragnhild Nisja (HiST), Arne Hansen (HiST). (Foto: Vibeke A. Pettersen, HiST)

Du kan lese meir om FORNY-prosjektet her.