«Kompetanse for framtida»

Høgskulen i Volda fokuserer på kvinner og verdiskaping

Publisert: 16.09.2007 18:50 av Eirik Bech

I samarbeid med Noregs forskningsråd arrangerer Høgskulen i Volda den 17. og 18. oktober eit inspirasjonsseminar for kvinnlege tilsette/forskarar og studentar for auka verdiskaping i vårt distrikt. -Vi vil gi inspirasjon, ideutvikling og konkretisering av kommersialiserbar kunnskap og forsking, med mål om å mobilisere kvinner til å skape nye arbeidsplassar, seier Bjørn Gunnar Tafjord, prosjektleiar for forskningsprogramet FORNY.

 


Bjørn Gunnar Tafjord og
Nathalie
Homlong er prosjektansvarlege for
Kvinner og verdiskaping ved
Høgskulen i Volda.

Nasjonale og regionale kvinnelege gruderar/næringslivsleiarar er invitert for å fortelje om sine erfaringar med etablering og drift av eiga verksemd. Studentar er også representert som foredragshaldarar.

Det vil også bli gjennomført ein kreativ idégenereringsprosess der deltakarane sjølve kan eksprimentere med eigne og andre sine idear under kyndig rettleiing. Siste del av seminaret fokuserer på vegen vidare frå ide til kommersialisering av forretningside.
 
Seminaret vil inngå som ein sentral del i høgskulane i Møre og Romsdal si satsing på kompetanseheving av eigne tilsette og studentar, der kultur-og haldningsendring knytt til entreprenørskap og innovasjon er viktige element i denne strategien.

-Vi har tenkt å invitere deltakarane på konferansen til eit oppfølgingsseminar. Målet er at ein i løpet av desse samlingane klarar å etablere eit kvinnenettverk som vil kunne fungere som ein fast møteplass for kvinnelege grunderar og etablerarar i Møre og Romsdal, seier Tafjord. -Ut over dette ser vi det som naturleg å ivareta andre aktivitetar som del av hovudprosjektet knytt til infrastrukturmidlane tildelt frå FORNY-programmet i Forkningsrådet.

 


Les meir på
www.hivolda.no/kvinner