«Kompetanse for framtida»

Kurs og oppdrag

Etter- og vidareutdanningsaktiviteten ved Høgskulen i Volda vert gjennomført av avdelingane. Kontor for samfunnskontakt er eit samordnande organ som har rolla som kompetansemeklar og formidlar kontakt mellom fagmiljø og aktørar i privat eller offentleg arbeidsliv eller organisasjonar. Vi kan skreddarsy tilbod som er tilpassa oppdragsgivar sine behov.

Sentrale ansvarsområde

Utvikling av kurstilbod, planarbeid, gjennomføring av kurs, konferansar, budsjett med meir. 

Kontakt

Kontor for samfunnskontakt

SKMF_pressek_AF_WP_220.jpg

Kammermusikkfestivalen: – Årets tema er innovasjon

– Tema for årets festival er innovasjon, og ein sentral komponist på programmet er Joseph Haydn, ein innovatør som skapte nye musikalske uttrykksformer i overgangen frå barokken til klassisismen, seier fiolinist og kunstnarleg ansvarleg Annar Follesø.

Friskliv_220.jpg

– Utløyste noko eg aldri har opplevd før

Kommuneoverlege Arne Gotteberg skryt av samarbeidet med Høgskulen i Volda omkring fagdagen «Friskliv og meistring i eit endringsperspektiv» fredag, som var fullteikna og vart ein suksess.

Styreleiar_Gunnar_Stave_SKMF_220.jpg

Festivalkomponisten er klar

Styreleiar for Sunnmøre kammermusikkfestival Gunnar Stave fortel at arbeidet med årets festival 8. – 10. september 2016 er i godt gjenge. – Programprofilen er på plass og dagens store nyheit er at Glenn Erik Haugland er klar som årets festivalkomponist, seier han.