Toppbanner_nettside__940x400.jpg

 

Kva funksjon har spesialundervisninga: Dagsseminar om SPEED-prosjektet

Av Peder Haug

SPEED-prosjektet har studert spesialundervisninga i grunnskulen og kva innhald og funksjon den har.  På eit seminar ved Høgskulen i Volda den 13. juni lanserer forskingsgruppa ei bok med bidrag frå noko av den forskinga som er gjort i dette prosjektet.

Spesialundervisning er for dei elevane som ikkje har utbyte av den ordinære opplæringa. Den ordinære opplæringa er såleis viktig å kjenne, når ein skal diskutere spesialundervisning. Når den ordinære opplæringa er god, er den god for alle, og då blir behovet for ekstra tiltak redusert.

Difor er det samla inn eit omfattande datamateriale frå elevar, foreldre og lærarar om 3000 elevar (5. – 10. trinn) og deira opplevingar, innsats, åtferd, motivasjon og resultat i skulen. Av desse elevane får litt over 200 spesialundervisning. I tillegger det gjort meir avgrensa «djupdykk» på enkelte område.

Spesialundervisning er ei svært utfordrande oppgåve for skulen. Difor er det uråd å gje eit enkelt svar på det som er hovudspørsmålet i prosjektet, kva innhaldet og funksjonen er. På seminaret vil deltakarane få kjennskap til nokre av dei resultata som har kome fram på nokre av dei områda vi har resultat frå. Eksempel på slike område kan vere sambandet til: ordinær opplæring, medelevar og lærarar, segregering og inkludering, læringsutbyte, staveutfordringer, lesing, IKT, matematikk og trivsel. 

Resultata i prosjektet gir eit svært varierande, men velkjent bilde av spesialundervisninga i grunnskulen. Særleg blir to konklusjonar ståande.
Den første viser at prosessane frå sakkunnig vurdering og til gjennomføring og evaluering i mange høve ikkje oppfyller korkje reglar eller forskrifter, faglege forventingar eller pedagogiske kvalitetar. Behova for individuell tilpassing, eit godt samband mellom ordinær opplæring og spesialundervisning, kompetent personale og tilfredsstillande spesialpedagogisk basis for undervisninga er ofte ikkje oppfylte godt nok, men det varierer mykje.

I den andre konklusjonen viser empirien og forskinga vi byggjer på eit svært varierande utbyte. For nokre gir spesialundervisninga god støtte, hjelp og høve til utvikling og læring. For andre treng den ikkje ha noko å seie i det heile, og bidreg i liten grad til å fremje læring og å utvikle eit positivt sjølvbilde og høg sjølvtillit. Elevar som får spesialundervisning har også som gruppe mindre framgang enn elevar som er på same fagleg nivå utan å få spesialundervisning.

På seminaret vil vi gå nærare inn på desse konklusjonane, og på kva som kan forklare dei. Det vil vere med på å skape eit grunnlag for korleis ein kan kome vidare på området. Ein av skulane som har vore involverte i prosjektet vil gjere greie for korleis dei har arbeidd med å utvikle si verksemd for å bli ein betre stad å vere for alle elevar, også dei som får spesialundervisning.