detgodeliv4.jpg

 

Ope folkemøte: Det gode liv - heile livet

temakveld med musikkinnslag

28. februar kl 18.30, Berte Kanutte-huset, Store auditorium
Open for alle, gratis inngang

  • Korleis betre livskvalitet i den siste fasen av livet. (Gjeld alle pasientgrupper)

  • Openheit og refleksjon i møtet med alvorleg sjukdom og død

Program

18.30-18.40 Song- og musikkinnslag ved Venche Vartdal Leite og musikarar
 
18.40-18.45 Velkomst og innleiing spesialsjukepleiar Mari-Ann Sævik
 
18.45-18.55 Innlegg ved Kreftforeningen: Gina Bøe, rådgjevar i Kreftforeningen
 
18.55-19.10

Tilbodet i kommunane og samhandlinga med sjukehuset. Felles palliativt prosjekt for Sjustjernekommunane og Volda sjukehus: Kreftkoordinatorar Anne Kristin Rostad/Solfrid Simonnes de Crane og prosjektleiar Anett Skorpen Tarberg

 
19.10-19.35 Tema for kvelden: «Det gode liv – heile livet» v/sjukpleiar og seniorrådgivar Marie Aakre
 
19.35-19.50 Pause med song- og musikkinnslag ved Venche Vartdal Leite og musikarar
 
19.50-20.10 Innleiing til paneldebatten ved deltakarane
 
Synspunkt og erfaringar frå ulik ståstad - Presentasjonar ved debattantane:
  • Pårørande og pasientperspektivet v/Magne Grimstad, folkerepresentant frå Ulstein
  • Ein erfaren sjukehusprest sine refleksjonar v/Jens Johnsen, sjukehusprest ved Volda Sjukehus
  • Viktige utfordringar for legetenestene i kommunane v/Arne Gotteberg, kommuneoverlege i Volda og Ørsta
  • Palliativt team ved Volda sjukehus – ein sentral samhandlingsaktør v/overlege Sigbjørn Lid,  Volda sjukehus
  • Kreftkoordinator Solfrid Simmones de Crane, Kreftkoordinator  i Ørsta kommune
20.10-20.40 Paneldebatt leia av Marie Aakre
 
20.40-21.00 Avslutning v/Mari-Ann Sævik
  Song- og musikkinnslag ved Venche Vartdal Leite og musikarar

Om bidragsytarane

Mari-ann warholm Sævik

mari-ann.jpg    

Mari-Ann er tdanna sjukepleiar ved Høgskolen i Ålesund i 2011.Ho har vidareutdanning i Ledelse i helse- og sosialtjenesten i 2013, og vidareutdanning i Kreftsjukepleie i 2016. Arbeider i dag som kreftsjukepleiar for Volda kommune. Etter å sjølv ha vore nær pårørande til palliativ pasient i heimen brenn ho litt ekstra for kommunehelsetjenesta og for god palliativ pleie i heimen.

Gina Bøe

Utdanna kreftsjukepleiar og har jobba på lunge- og kreftavdelingen ved RiT/St. Olavs i tilsaman 13 år. Rådgivar i Kreftforeningen i 22 år. Ansvarsområder: palliasjon, forebyggande og frivilligheit.

 

Anne Kristin Rostad

FB_IMG_1485519072905.jpg

Anne-Kristin Rostad er utdanna kreftsjukepleiar ved Betanien Høgskole i Bergen i 2009. Tok sjukepleieutdanninga i Ålesund og gjekk ut i 2004.
Har sidan 2012 arbeidd som kreftkoordinator i Volda kommune.

Solfrid Simonnes de Crane

solfrid300.jpg

Solfrid Simonnes de Crane er kreftkoordinator i Ørsta kommune. Utdanna sjukepleiar med vidareutdanning i kreftsjukepleie.

Anett Skorpen Tarberg

anett.jpg

Er utdanna kreftsjukepleiar og har jobba 27 år i kommunehelsetenesta - 20 av dei som sjukepleiar. Jobbar no som  prosjektleiar for palliasjonsprosjektet og er kreftkoordinator i Ulstein kommune.

Marie Aakre

Marie_Aakre_01.300jpg.jpg

Er seniorrådgivar, foredragshaldar og rettleiar i sjuepleie, leiing og etikk. Ho var med på å etablere og leie kreftavdelinga og Seksjon lindrande behandling ved St. Olavs Hospital, Universitetssjukehuset i Trondheim. Marie Aakre har vore med i fleire offentlege utval og råd i arbeidet for pasienttryggleik og verdighet. Marie Aakre er Ridder 1. klasse av St. Olavs Orden 2007 og mottok Livsvernprisen i 2004. Ho vart i 2013 utnemnd til æresmedlem i NSF.

Magne Grimstad

magne_grimstad.300.jpg

Magne er sjølvstendig næringsdrivande, aktiv kommunepolitikar og likar musikk. I 2009 vart han ramma av kreft og vart alvorleg sjuk. I dag er han erklært frisk, men går til jamlege kontrollar. Han gjennomgjekk ein større operasjon og cellegiftbehandling. Det var tøft, men han opplevde at livet i denne perioden ikkje berre var vanskeleg. Livet fekk ein annan valør og eit anna stemningsleie. Han opplevde at alle klisjéar om "å ta ein dag av gongen", "du er din eigen lykkessmed» osv, alle var sanne. Og livet var på mange måtar godt. Ikkje minst var det fint å oppleve omsorg og omtanke frå dei næraste.

Jens Terje Johnsen

jens_nar300.jpg

Fødd i Halden i 1947.
Frå 1976- 2011 var han prest i Den norske kyrkja i Ørsta, Vik i Sogn og i Herøy. Har sidan 2013 jobba som sjukehusprest ved Volda sjukehus.

Arne Gotteberg

gotteberg2_300.jpg

Kommuneoverlege i Volda og Ørsta, tidlegare fastlege og  distriktslege i mange år. Har vore med i utarbeidinga av det palliative prosjektet for  ”Sjustjerna helse og omsorg” og Helse Møre og Romsdal, Volda sjukehus, og sit i ressursgruppa for prosjektet.

Sigbjørn Lid

lid300.jpg

Har jobba som anestesilege i snart 25 år og har vore med i Palliativt team ved Volda sjukehus sidan oppstarten i 2006. Lid har gjennomført Nordisk spesialistkurs i palliativ medisin 2009-2011 og har godkjenning i kompetanseområdet Palliativ medisin.
Han har tidlegare vore tilsettrepresentant i styret for Helse Sunnmøre i 6 år, sit no i arbeidsgruppa for kompetanseområdet Palliativ medisin (Helsedirektoratet).

Musikk som terapi

For Venche Vartdal Leite har songen og musikken vore viktig heile livet. Det handlar ikkje berre om å synge, musikk er terapi! Det å kunne formidle gode, meiningsfulle tekstar gir så uendeleg mykje både for den som syng og for den som lyttar, meinar ho. Dei siste åra har Venche vore solist i gravferder, bryllup og ved ulike store og små arrangement.  I tillegg har Venche og ektemannen Levi-André Leite arrangert ulike kyrkjekonsertar rundt i kommunene.

venche_leite.400jpg.jpgRepertoaret ho byr på er variert og songane er ofte knytt til personlege opplevingar. I 2015 fekk Venche ei kreftdiagnose som igjen førte til eit års opphald frå songen, men musikken vart enno viktigare denne tida, og ho fekk tid og inspirasjon til å skrive og komponere eigen musikk. Dette har resuletert i ein singel og fire songar som no ligg ute mellom anna på Spotify. Ein viktig pådrivar og støttespelar i denne perioden var ektemannen Levi-André, som også er ein aktiv musikar.

Det å ha med gode musikarar på laget er og viktig for å få det rette uttrykket og stemninga. Hans Robert Bondhus er eit kjent namn i musikkmiljøet i Ørsta og Volda. Han undervist i kulturskulen og er ein av pådrivarane for ungdommen og musikken ved Kaihuset. Hans Robert er ein habil gitarist som har spelt i fleire band og vert nytta til solistar.

Geir Helge Ådneram er opprinneleg fra sørlandsbyen Lyngdal, men har dei siste 10 åra bodd i Volda. Han har undervist ved kulturskulen i Lyngdal. Ved sidan av jobben som politimann spelar han i dag med lokale artistar, kor og diverse musikkprosjekt.

Levi-André vil denne kvelden styre lyden.

Vel møtt!

Finn fram på høgskulen

logosamling.jpg