Barnehagekonferansen 2017

Barnehagekonferansen 2017 blir arrangert 26. og 27. oktober på Scandic Parken Hotel i Ålesund. Konferansen er eit årleg samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen i Volda, Utdanningsforbundet Møre og Romsdal og Fylkesmannen i Møre og Romsdal, oppvekst- og utdanningsavdelinga.

Det er no opna for påmelding til konferansen på nettsidene til Utdanningsforbundet Møre og Romsdal. Påmeldingsfrist er 21. august 2017.

Ny rammeplan for barnehagen sitt innhald og oppgåver gjeld frå 1. august i år. Rammeplanen er ei forskrift til barnehagelova og er dermed eit vedtak som konstaterer barnehagen sine plikter. Med Barnehagekonferansen RESPEKT! skal vi bidra til å løfte kvaliteten i alle dei 294 barnehagane i fylket. Innhaldet i rammeplanen skal realiserast i den einskilde barnehage og i møte med det einskilde barnet. Søkjelys på implementering av ny rammeplan, profesjonsetikk og inkluderande barnehagemiljø ligg til grunn for innhaldet i konferansen.

Anerkjenner og tar vi vare på barndommens eigenverdi? Møter vi barnet og barnet sine opplevingar med respekt? Kva med mobbing i barnehagen? Stopper vi mobbing og følgjer vi opp når vi ser at negative samspelsstrategiar og begynnande mobbeatferd utviklar seg? Meld deg på Barnehagekonferansen RESPEKT! og bli med i debatten om desse og fleire viktige spørsmål.

Velkommen til Barnehagekonferansen 2017! Du finn oss også på facebook

  • Konferansen har vorte ein populær og etterspurt fagleg møteplass for pedagogisk personale i barnehagesektoren.
  • Deltakartalet dei siste åra har vore om lag 450 deltakarar.
  • Målgruppe er pedagogisk personale i barnehagane, barnehageansvarlege på kommunenivået, PPT- og høgskuletilsette.

Tidlegare konferansar:
2003:  ”Den kompetente vaksne”  (Jubileumskonferanse, Høgskulen i Volda)
2004:  ”Mitt skip er lasta med”
2005:  ”Liten, eg?”
2006:   ”På ramme alvor”
2007:  ”Tidleg krøkast!”
2008:  ”Den nye barnehagen?”
2009:  ”Inkluderande og likeverdig”
2010:  ”Danning –dokumentasjon”
2011:  ”Makt og Avmakt”
2012:  «FRAM10!»
2013:  «VI må!»
2014:  «Kanskje kommer kongen…»
2015: "Mitt ansvar"
2016: "Møt meg"