barnehagekonferansen 2016

 

Barnehagekonferansen 2016

Barnehagekonferansen 2016 blir arrangert 27. og 28. oktober på Scandic Parken Hotel i Ålesund. Konferansen er eit årleg samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen i Volda, Utdanningsforbundet Møre og Romsdal og Fylkesmannen i Møre og Romsdal, oppvekst- og utdanningsavdelinga.

Det er no opna for påmelding til konferansen på nettsidene til Utdanningsforbundet i Møre og Romsdal. Påmeldingsfrist er 19. august 2016.

Det norske samfunnet er meir samansett og komplekst enn før, og endringar utfordrar barnehagen sin praksis. Barna kjem til barnehagen med ulike behov og ulike ressursar. Sosiale, etniske, kulturelle, religiøse, språklege og økonomiske skilnader i befolkninga gjer at barna møter barnehagen med ulike erfaringar. Mangfaldet i samfunnet skal reflekterast i det pedagogiske tilbodet i barnehagen. Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen, KD 2011, slår fast at barnehagen skal støtte barna ut ifrå dei kulturelle og individuelle føresetnadene deira.

Korleis møter personalet det språklege og kulturelle mangfaldet slik at alle barn får gode utviklings- og aktivitetsmuligheiter i barnehagen? Korleis initierer, leier og driv personalet prosessar som sikrar likeverd, deltaking og inkludering?

Konferansen MØT MEG utfordrar til ny kunnskap og debatt om korleis vi møter mangfaldet, og om korleis vi realiserer moglegheiter i ulikskap.

Velkommen til Barnehagekonferansen 2016! Du finn oss også på facebook #møtmeg

  • Konferansen har vorte ein populær og etterspurt fagleg møteplass for pedagogisk personale i barnehagesektoren.
  • Deltakartalet dei siste åra har vore om lag 450 deltakarar.
  • Målgruppe er pedagogisk personale i barnehagane, barnehageansvarlege på kommunenivået, PPT- og høgskuletilsette.



Tidlegare konferansar:
2003:  ”Den kompetente vaksne”  (Jubileumskonferanse, Høgskulen i Volda)
2004:  ”Mitt skip er lasta med”
2005:  ”Liten, eg?”
2006:   ”På ramme alvor”
2007:  ”Tidleg krøkast!”
2008:  ”Den nye barnehagen?”
2009:  ”Inkluderande og likeverdig”
2010:  ”Danning –dokumentasjon”
2011:  ”Makt og Avmakt”
2012:  «FRAM10!»
2013:  «VI må!»
2014:  «Kanskje kommer kongen…»
2015: "Mitt ansvar"