«Kunnskap for framtida»

Livberging for symjeinstruktørar

Årleg sertifisering

INFO_FOTO_STUDIESITUASJON_Idrett_og_friluftsliv_web_LINE_SJOHELLE_2012_1_1_300.jpg

Det er viktig at barn blir trygge i sjø og vatn, og tileignar seg nødvendige svømmeferdigheiter for dette. Rundskriv Udir-1-2008 aktualiserer ei styrking av kyndige vaksne innan livberging, og stiller krav om årleg oppdatering.

Seksjon for Idrett og Friluftsliv ved Høgskulen i Volda arrangerer eit 2-timars kurs/oppfriskingskurs med innlagt test for livbergingsprøva.

Kurset er tilpassa lærarar i barnehage, grunnskule og badevakter for frivillige lag. Det er ein føresetnad at deltakarane kan å symje og dykke.
(Opplegget er ikkje eit symje- og dykkekurs).

Som deltakar blir du sertfisert for opplæringsbasseng med djupne ned til 2 meter. Ved behov kan du også bli sertifisert for basseng med djupne på 4 meter og utandørstilsyn. (Dette gjeld m.a. brukarar av bassenget i Idrettsbygget i Volda). Brukarar som vil sertifiserast for dette må kunne dykke ned til 4 meter.

Kompetanse

Sertifiseringsbevis skrivast ut etter fullført kurs.

Praktisk informasjon

  • Onsdag 6. september kl 12.00 - 16.00
  • Stad: Symjehallen i Idrettsbygget ved Høgskulen i Volda
  • Pris: 450,- pr. deltakar.

Kontakt
Morten Gjerseth
T: 95 19 92 90