«Kompetanse for framtida»

Riiser Gundersen nominert til Brageprisen

Publisert: 01.11.2016 14:20 av Per Straume

Bjarne Riiser Gundersen, høgskulelektor ved Høgskulen i Volda, er nominert til Brageprisen i kategorien sakprosa med boka «Da postmodernismen kom til Norge».

Riiser_Gundersen_620.jpg
Bjarne Riiser Gundersen er nominert til Brageprisen. Foto: Marius Beck Dahle.

Riiser Gundersen vart tysdag nominert til den ærefulle prisen i norsk litteratur for første gang. Han kjemper om prisen med Åsne Seierstad, Ivo de Figueiredo og Svein Atle Skålevåg i sin kategori.

– Då eg fekk vite om nominasjonen for ei veke sidan vart eg overraska. Og litt ekstra glad vart eg då eg seg såg kven dei andre nominerte er. Eg har lese både Seierstad og de Figuereido sine bøker, og det er gode forfattarar eg er i selskap med. Dette er ei kjempestor ære, seier Riiser Gundersen.

Forenkla vanskeleg stoff

I boka «Da postmodernismen kom til Norge» skriv Riiser Gundersen om korleis postmodernismen blei tatt imot og utvikla seg i landet på 80- og 90-talet. Han har tidlegare vore kulturjournalist i Morgenbladet, og er no høgskulelektor i journalistikk ved Høgskulen i Volda.

– Det er ei journalistisk eller dokumentarisk bok om eit emne som er langt unna journalistikken. Eg skriv om eit akademisk univers, men som ikkje er forsking i den grad at det gir tellekantpoeng for høgskulen. Eg har prøvd å gjere vanskeleg stoff tilgjengeleg for eit stort publikum, forklarar forfattaren.

Eit luksusår

Han tok til med boka i vårsemesteret 2014, då delvis som eit FoU-prosjekt. Frå hausten 2014 og eit år framover budde han og kona Gunhild Ring Olsen, stipendiat ved Avdeling for mediefag ved HVO, i USA saman med sine tre barn. Ring Olsen arbeidde med doktorgraden sin, medan Riise Gundersen fekk eit heilt år til å konsentrere seg om bokskriving.

Riiser Gundersens bok

– Det var ein enorm luksus å kunne få den moglegheita til å fordjupe seg i dette i eit år. Det kan høyres litt einsamt og monotont ut, men det blei ein perfekt blanding med å skrive og bli betre kjent med USA. Eg må også takke Sverre Liestøl, tidlegare dekan ved Avdeling for mediefag, som var veldig fleksibel og hjelpsam.

– Korleis ser du på moglegheitene for å vinne Brageprisen?

– Det er umuleg å vurdere. Når ein ser på kven eg konkurrerer med er sjansane kanskje ikkje så store, men når ein først er nominert så veit ein aldri. Men det å bli nominert veg såpass tungt, at det er meir enn godt nok for min del, seier ein svært så nøgd Riiser Gundersen.

Brageprisen blir delt ut 23. november på Dansens hus i Oslo 23. november kl. 17.30.

Brageprisen har, sidan den første gang blei delt ut i 1992, etablert seg som ein av Norge sine viktigaste litterære prisar. Prisen deles ut av Stiftelsen Den norske Bokprisen og har som formål å heidre gode norske forfattarskap, samt skape interesse for norsk litteratur. Brageprisen er delt opp i fire kategoriar; barne- og ungdomsbøker, sakprosa, skjønnlitteratur og åpen klasse, som i 2016 er sakprosa for barn og unge.

Under kan du lese juryens grunngjeving for nominasjonen:

Bjarne Riiser Gundersen: Da postmodernismen kom til Norge, Flamme Forlag.

«Vi var kommet sent til en fest vi gjerne ville være med på, men der vi ikke helt skjønte hva folk snakket om. Trøsten får være at dét var det ikke så mange andre som gjorde, heller.» Bjarne Riiser Gundersen har påtatt seg den umulige oppgaven det er å beskrive det notorisk unnvikende begrepet postmodernisme. I løpet av 80- og 90-tallet seig den abstrakte massen inn i norsk offentlighet. Fra Frankrike og USA ble den sakte innført via tidsskrifter og aviser til forelesningssaler, arkitektkontorer og maktens irrganger. Gjennom intervjuer med toneangivende personer, utflukter til sentrale destinasjoner og dypdykk i arkiver beskriver Gundersen «P-ordets» innflytelse på filosofi, arkitektur, litteratur og statsvitenskap. Resultatet er en forfriskende velskrevet historie om et Norge som plutselig våknet til en multimedial, globalisert pastellhverdag, befolket av dekonstruerte subjekter med skulderputer og tupert hår.