«Kunnskap for framtida»

             

Fra: 04. mai 2017 16:30

Til: 04. mai 2017 19:00

Stad: Campus (nærare beskjed kjem)


Syns du det er ubehageleg å ta ordet i forsamlingar? Opplever du til dømes skjelving, svetting og rødming? Om du ynskjer å bli tryggare når du tek ordet er dette kurset for deg!

Kurset tek blant anna for seg:

  • Kva taleangst og presentasjonsangst er, og kvifor det oppstår
  • Betydninga av erfaring med å meistre noko og eksponeringstrening
  • Kva sjølvsakseptering betyr
  • Øvelsar i trygge omgjevnadar
  • Grunnoppskrift for ein god presentasjon

Kurshaldar er Rolf Viddal, Studentrådgjevar og velferdskonsulent ved SIT-Ålesund.

Han har sidan 1986 arbeidd med ulike oppgåver innanfor studentvelferd. Han har lang erfaring som studieansvarleg i NTL Studentsamskipnadane og holdt mange kurs i regi av NTL. Han har utdanning innanfor offentleg adminstrasjon og organisasjonskunnskap, økonomi og marknadsføring, kundetilfredsheit og veiledning.

Eli Anne Løksa, Studentrådgjevar ved SiVolda vil også vere tilstades på kurset.

Kurset er gratis!

Meld deg på her. Det er plass til 12 deltakarar.

Ved spørsmål om kurset ta kontakt med Eli Anne Løksa, SiVolda.

Meir informasjon på SiVolda sine sider.


 

 

  mai 2017  
MTOTFLS
1 2 3 4 5 6 7
8 9 10 11 12 13 14
15 16 17 18 19 20 21
22 23 24 25 26 27 28
29 30 31