«Kunnskap for framtida»

Forsking og utvikling

Høgskulen i Volda (HVO) har som mål å drive forsking og utviklingsarbeid med høg kvalitet, som skal gi utdanningstilboda eit solid grunnlag.

Høgskulen i Volda byggjer FoU-aktiviteten på ei brei humanistisk og samfunnsfagleg felles plattform. Den regionale og nasjonale forskingsprofilen vert utvikla vidare på dette grunnlaget. Høgskulen er medeigar i Møreforsking AS, og har inngått ein eigen samarbeidsavtale om korleis operativt forskings- og prosjektsamarbeid skal gjennomførast.

Dei strategiske forskingsområda er media og journalistikk, kulturmøte, profesjonsforsking, utdanningsforsking, velferdsforsking og praktisk kunstutøving.

Nyhende

Dossland_220.jpg

Fish, Coast and Communities - A History of Norway

A new book, «Fish, Coast and Communities - A History of Norway» offers an in-depth exploration of how the people of Norway have relied on the sea for thousands of years to put food on the table, to build prosperity and to shape their communities. Professor Atle Døssland of Volda University College is one of the co-writers of this publication.

skodje_220.jpg

Inngått kontrakt på 5,3 millionar kroner

Høgskulen i Volda skal skrive kultur- og bygdehistoria for Skodje kommune. Prosjektet, som er verd 5,3 millionar kroner, er det største eksternfinansierte prosjektet for historisk institutt nokon gong og eit av dei største for høgskulen sett under eitt.

INJECT_220.jpg

Vil hjelpe journalistar med ny teknologi

Saman med Universitetet i Bergen skal Høgskulen i Volda vere med på å utvikle framtidas digitale verktøy til bruk for journalistar.

phaug1_220.jpg

Stor interesse for spesialundervisning

Store auditorium var proppfult då forskarane bak forskingsprosjektet SPEED (The Function of Special Education) tysdag arrangerte dagsseminar og lanserte boka som er eit resultat av prosjektet.

IC_2017_220.jpg

Innovasjonscamp 2017: kulturhus på campus

Høgskulen er saman med Volda vidaregåande skule (VVS), Volda kommune, Studentsamskipnaden i Volda og Ungt entreprenørskap Møre og Romsdal i går og i dag arena for Innovasjonscamp 2017. 150 elevar skal gje Volda kommune innovative råd om kva aktivitetar det nye kulturhuset på campus skal fyllast med.