«Kompetanse for framtida»

Forsking og utvikling

Høgskulen i Volda (HVO) har som mål å drive forsking og utviklingsarbeid med høg kvalitet, som skal gi utdanningstilboda eit solid grunnlag. HVO er delt inn i fire avdelingar og har rundt 200 fagtilsette.

Høgskulen i Volda byggjer FoU-aktiviteten på ei brei humanistisk og samfunnsfagleg felles plattform. Den regionale og nasjonale forskingsprofilen vert utvikla vidare på dette grunnlaget. Høgskulen er medeigar i Møreforsking AS, og har inngått ein eigen samarbeidsavtale om korleis operativt forskings- og prosjektsamarbeid skal gjennomførast.

Forskingsutvalet ved Høgskulen i Volda er ansvarleg for å utarbeide ein stategiplan for FoU-aktiviteten ved høgskulen. Dei strategiske forskingsområda er media og journalistikk, kulturmøte, profesjonsforsking, utdanningsforsking, velferdsforsking og praktisk kunstutøving.

Nyhende

ganger_220.jpg

Skal forske på transportutfordringane i Geiranger

Høgskulen i Volda er med i eit forskingsprosjekt som skal finne løysingar for eit berekraftig transportsystem for å handtere turiststrøymen i Geiranger og verdsarvområdet.

J_O_Ulstein_220.jpg

Populær skriftserie

– Den mestpubliserende kanalen i Norge for teologi- og religionsfaglige publikasjoner er «Kyrkjefag profil» som drives av Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag ved Høgskulen i Volda, sier dosent Jan Ove Ulstein.

dosent_220.jpg

Vatne tilsatt som dosent

Bente Vatne har fått opprykk til dosent, og er tilsatt i en stilling ved Institutt for pedagogikk ved Høgskulen i Volda. Vatne har arbeidet ved høgskolen siden 1991 og undervist i pedagogisk teori og praksis/pedagogikk på ulike nivåer i lærerutdanningene.

folkh_220.jpg

Skal vere med å betre folkehelsa

I konkurranse med fleire andre institusjonar valde Helsedirektoratet Høgskulen i Volda sitt fagmiljø til å evaluere satsingsprosjektet «Nærmiljø og lokalsamfunn som fremmer folkehelse».

foto_tilsette_kristin_kibsgaard_sjohelle_foto_OlavStandalTangen_220.jpg

Kristin Kibsgaard Sjøhelle har disputert ved UiO

Kristin Kibsgaard Sjøhelle disputerte 12.12.2016 for ph.d.-graden ved Universitetet i Oslo med avhandlinga "Å skrive seg inn i språket. Ein intervensjonsstudie av nynorsk sidemålsopplæring for vidaregåande trinn."