«Kunnskap for framtida»

Retningsliner for Publiseringsutvalet ved Høgskulen i Volda

vedtatt av Forskingsutvalet 7. mai 2013.
Publiseringsutvalet erstattar Skriftserieutvalet ved HVO/MFV.

1.       Publiseringsutvalets mandat
Høgskulen i Volda sitt publiseringsutval skal vere eit utøvande og strategisk organ. Utvalet skal ha eit særskilt fagleg ansvar for rådgjeving og utvikling når det gjeld publisering, Open Access, rapportering av vitskaplege publikasjonar og tildeling av interne FoU-poeng.

Publiseringsutvalet er underlagt Forskingsutvalet.

2.       Publiseringsutvalets samansetjing og funksjonstid
Publiseringsutvalet består av fem faste representantar, som står for det utøvande arbeidet. Det faste utvalet har fylgjande samansetjing:

  • leiar for Forskingsutvalet
  • ein av dei faglege representantane i Forskingsutvalet
  • FoU-koordinator
  • FoU-rådgivar (sekretær)
  • leiar av biblioteket

3.       Utnemning av publiseringsutvalets faglege medlemmar
Forskingsutvalet kallar sjølv inn fagpersonar med høg kompetanse innanfor Høgskulen i Volda sine fagområde i saker der det er behov for det.

4.       Publiseringsutvalets oppgåver

Publiseringsutvalet skal:

  • sakshandsame søknader om trykkestøtte
  • vere redaksjonsutval for Høgskulen i Volda sin skriftserie
  • vere rådgjevande organ i saker som gjeld utforming av strategi og politikk knytt til tildeling av interne FoU-poeng ved Høgskulen i Volda, irekna oppfølging og eventuelt fremjing av forslag til endringar av faglege kriterier og standardar
  • avgjere tvilstilfeller knytt til rapportering av vitskaplege publikasjonar
  • treffe vedtak i tvilstilfeller knytt til tildeling av interne FoU-poeng
  • sakshandsame og treffe vedtak i klagesaker knytt til tildeling av interne FoU-poeng
  • arbeide for å fremje open tilgang til vitskaplege publiseringar gjennom Open Access
  • skal vere høyringsinstans i publiseringssaker
  • vere rådgjevande organ når det gjeld nominering av kanalar for vitskapleg publisering

5.       Arbeidsform
Publiseringsutvalet sine faste medlemmar skal fortløpande behandle søknader knytt til trykkestøtte og Høgskulen sin skriftserie. I andre saker skal publiseringsutvalet forsterkast med oppnemnde fagpersonar med høg kompetanse frå relevant fagområde.

Det skal førast vedtaksprotokoll og referat for kvart møte.

Vedtak og anbefalingar frå publiseringsutvalet skal sendast over til Forskingsutvalet for vidare oppfølging.

Utvalet skal minst ein gong årleg orientere om verksemda på eit av Forskingsutvalets møter.

6.       Endringar

Endringar i retningslinene skal avgjerast av Forskingsutvalet. Publiseringsutvalet kan fremje endringsforslag.