«Kunnskap for framtida»

Rapportar og notat

Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda samarbeider om desse seriane, som er meinte å vere eit supplement til det som vert utgitt på nasjonale og internasjonale forlag og i ulike tidsskrift. Skriftseriane har ulike "tersklar" for godkjenning og dekkjer såleis ulike nivå av fagleg og vitskapleg arbeid.

Frå 2013 er Publiseringsutvalet ved Høgskulen i Volda redaksjon for skriftseriane.

Frå og med 2010 har Høgskulen i Volda gjeve ut interne arbeid i to seriar:

RAPPORTAR

Rapporter er vitskaplege og andre faglege arbeid på høgare nivå enn notat. Både forfattar og institusjon er fagleg ansvarlege for publikasjonen. Arbeida kan vere rapportar frå prosjekt eller oppdragsverksemd, eller reint teoretiske arbeid av eit visst omfang. Rapportane må vere godt gjennomarbeidde med omsyn til innhald, struktur og språk og innehalde referansar. Rapportane skal vere godkjende av anten dekan eller prosjektleiar eller annan fagperson dei har utpeika og FoU-leiar ved HVO.
Serien Rapport erstattar 
Arbeidsrapport og Forskingsrapport. Desse vart utgitt t.o.m. 2009.

NOTAT

Notatserien omfattar ulike slag publikasjonar av mindre omfang. Dette kan til dømes vere  forprosjektnotat, konferansepapir, artikkelutkast og anna. Føremålet med serien er å stimulere til publisering og fagleg debatt i miljøet. Kvar forfattar er ansvarleg for sitt arbeid, og dekan skal vere orientert om utgjevinga på førehand. Manuset må vere gjennomarbeidd med omsyn til språk og struktur.

MASTEROPPGÅVER - FRITT TILGJENGELEG

Masteroppgåver og andre skrifter frå Høgskulen i Volda er gratis tilgjengeleg i fulltekst i BRAVO (Bibsys Brage).

BRAVO - Publikasjonar frå Høgskulen i Volda (masteroppgåver og andre publikasjonar).

ANDRE SKRIFTER

I serien Andre skrifter finn ein bøker, festskrift, doktoravhandlingar, seminarrapportar med meir som vert gjeve ut i tillegg til dei faste seriane.     

2015:

Henrik G. Bastiansen, Idar Flo og Rolf Werenskjold (red.): Ung medievitenskap: 12 studenter forsker på norske medier. Høgskulen i Volda. 2015. 306 s.


Tidlegare utgjevingar i Andre skrifter:

     

Frode Sætre: Yksnøya – liv og sjøliv. Høgskulen i Volda. 2009. 131. s.

Meir om boka

 

Jostein Fet: Natur og eros. Gjendikting av utvalde dikt av Johann Wolfgang von Goethe. Høgskulen i Volda. 2008. 217 s. Vedl. CD med innlesing av gjendiktingane. 
Meir om boka

 

Reidun Aambø: Is Rudeness Typically Norwegian? Unhöflichkeit – typisch norwegisch? Typisk norsk å være uhøflig? Høgskulen i Volda. 2008. 143 s.          
Meir om boka