«Kunnskap for framtida»

Ph.d. i helse- og sosialfag

Vilkår for profesjonsutøving.

Høgskolen i Molde - vitenskapelig høgskole i logistikk og Høgskulen i Volda tilbyr i fellesskap ph.d.-utdanninga: "Helse- og sosialfag. Vilkår for profesjonsutøving".   At dette er ein fellesgrad betyr at dei to høgskulane samarbeider om å gje utdanninga. 

Studiet er prega av brei fagleg orientering og tverrfagleg tenking på tvers av profesjonsgrenser og tenestenivå.

Utdanninga rettar seg mot studentar som har gjennomført masterutdanning på relevante fagområde. Både sjukepleie, vernepleie, sosionom, barnevernsutdanning og andre direkte helse- og sosialrelaterte profesjonar har god bakgrunn for å gå inn på ph.d.-utdanninga.  

Men ei heil rekkje andre fagområde kan også vere relevante for opptak om ein er oppteken av dei generelle spørsmåla som blir dekt av ph.d.-utdanninga, som til dømes: Lærarutdanning, psykologi, sosiologi, etikk, filosofi, juss, statsvitskap, leiing- og administrasjonsfag, logistikk og kommunikasjonsfag. 

Nytt om Ph.d.-utdanninga:

Historisk kursstart ved høgskulen, Høgskulen i Volda (20.11.2015)
Høg søking til nyvinning ved høgskulen, Høgskulen i Volda (22.10.2015)
Oppstart av doktorgradsstudiet i helse- og sosialfag, Høgskulen i Volda (28.09.2015)
Oppstart av ph.d. studiet i helse- og sosialfag ble markert med fagseminar, Høgskolen i Molde (25.09.2015)
Her er dei to første doktorgradsstudentane på ph.d.-utdanninga, Høgskulen i Volda (27. april 2015)
Skal utdanne doktorar, Høgskulen i Volda (12. desember 2014)
"Ny doktorgrad, en milepæl", Høgskolen i Molde (19. august 2014)
"Får landets første felles doktorgrad", Panorama, Høgskolen i Molde (19. juni 2014)
Ja til PhD-utdanning i Volda og Molde, Høgskulen i Volda, 19. juni 2014