«Kunnskap for framtida»

Søknad, opptak og finansiering

Søknadsskjema for opptak.

For å få opptak på ph.d. - studiet må søkjaren ha fullført mastergrad (120 studiepoeng) eller tilsvarande utdanning innan helse- og sosialfag. Søkjarar med anna fagbakgrunn kan vere aktuelle viss den planlagde forskingsoppgåva har helse- og/eller sosialfagleg relevans. Andre fagområde kan til dømes vere leiing eller samfunnsplanlegging i eit helse- og sosialfagleg perspektiv. Det er løpande opptak til studiet.

Søknad om opptak skal normalt innehalde prosjektskisse, framdriftsplan for gjennomføring av utdanninga, finansieringsplan, namn på rettleiarar, plan for utanlandsopphald, plan for opplæringsdelen og dokumentasjon av utdanning som skal ligge til grunn for opptaket. Prosjektskissa skal skrivast i samarbeid med hovudrettleiar. I skissa skal det gjerast greie for tema, problemstillingar i høve til relevant teori og eksisterande forsking. Vidare skal det gjerast greie for val av metode og forskingsetiske utfordringar. 

Dei fleste som tek til på ei ph.d.-utdanning er tilsette som stipendiatar i studietida. Dei fleste institusjonar krev at ein har fått opptak på eit ph.d.-studium før ein kan ta til i stipendiatstillinga. For å bli tatt opp som ph.d.-student må ein ha gjennomført mastergradsutdanning eller tilsvarande som er relevant for ph.d.-studiet.

Det er også muleg å få opptak på ph.d.-studiet med andre forme for finansiering. Det viktigaste er at ein kan dokumentere at ein har finansiering som tilsvarer tre års fulltidsarbeid på ph.d.-utdanninga.

Vi viser også til ordninga med offentleg ph.d. - sjå informasjon om og utlysing av ordninga på Forskingsrådets nettsider.

Fast tilsette ved Høgskulen i Volda kan få finansiert ph.d.-prosjekt om dei får opptak på eit ph.d.-studium.