«Kunnskap for framtida»

Relevans

Ph.d. - studiet er eit tilbod til kandidatar som har ei profesjonsutdanning innan helse- og sosialfag og/eller anna relevant fagbakgrunn. Søkjarane skal ha fullført ei relevant utdanning på bachelornivå og ha relevant mastergrad, hovudfag eller tilsvarande utdanning. Ph.d. - studiet omfattar både helse- og sosialfag, fordi faggrupper i aukande grad møter samansette problem, og må samarbeide for å utvikle gode tenester. Tverrfagleg- og tverrprofesjonelt arbeid blir her sentrale omgrep. Studiet vil kritisk drøfte mulegheiter og avgrensingar for å oppnå slike mål.

Framtidas helse- og sosialfaglege utfordringar vil bli meir mangfaldige. Med auka levealder blir stadig fleire råka av demens, ofte i kombinasjon med fleire andre kroniske sjukdomar. I tillegg til auke av alvorlege kroniske sjukdomar og muskel-skjelettlidingar ser ein innafor psykisk helsevern ein stor auke i psykiske lidingar, særlig angst og depresjon. Dette er også dei største sjukdomskategoriane som fører til uføretrygd. I tillegg er det ein sterk auke i komplekse tilstandar, blant anna psykisk lidingar kombinert med rusmisbruk. Fleire barn og unge treng hjelp frå psykisk helsevern, og fagfeltet blir utfordra av ein sterk auke av fenomen som sjølvskading og alvorlege relasjonsforstyrringar. Saksmengda i barnevernet har også auka dei siste åra.

Samfunnet stiller også tydelegare krav om å legitimere fag i form av forsking og dokumenterte effektar av innsats og tenester. Dette handlar om rammevilkåra for helse- og sosialarbeidere. På den ene sida handlar dette om vektlegging av ulike former for brukarmedvirknad; myndiggjering, samarbeid og individuell tilrettelegging og tilpassing av tenester og behandling. Det blir forventa at meir av arbeidet skal gjerast på brukarane sin arena, til dømes i eigen heim. Profesjonsutøvarar blir forventa i større grad å vere premissleverandørar i folkehelsearbeidet, og bidra til myndiggjering i planleggingsprosessar som er relevante for sektoren. På den andre side kan kravet frå styresmakter om transparens, kunnskapsbasert praksis, effektivitet, dokumentasjon og kvalitetssikring ha medført mindre fagleg autonomi, og at meir av arbeidstida må brukast til forvaltningsoppgåver. Det er ikkje utan videre gitt at tidlegere kunnskap og praksisformer vil fungere når rammevilkåra blir endra. Gode og velmeinte helse- og sosialpolitiske intensjonar blir heller ikkje alltid vellukka i praksis. Det kan skuldast flerie forhold, til dømes dårlege planprosessar ved gjennomføring av tiltak. Her trengst det både empiriske og teoretiske studiar som kan gi nødvendig kunnskap som kan gjere praksis meir heilskapleg og realistisk, og det er intensjonen med dette ph.d.-studiet.

Framtidas utøverar blir forventa også i større grad å kunne samarbeide på tvers av profesjonsgrenser og tenestenivå. Eit sentralt mål med Stortingsmelding 47 er at dei ulike delane av helse- og sosialtjenesta skal betre si evne til å ivareta pasientane og klientanes behov for samordna tenester. For å vere i stand til å møte framtidas utfordringar på ulike nivå, vil det også vere behov for nytenking og forståing for alternative måtar å organisere tenestene på. Med auka behov for samhandling, aukar også behovet for utvikling av kunnskap om dei kommunikative utfordringane dette skaper, blant anna å kunne skape gode strukturar som kan fremje både informasjonsflyt og rette pasientforløp. Det handlar både om leiing og logistikk.