«Kompetanse for framtida»

Norske historiedagar 2016

Norske historiedagAr i Volda 2016

I år (2016) arrangerer Historisk institutt ved Høgskulen i Volda i samarbeid med Den norske historisk forening (HIFO) avdeling Nordvestlandet Norske historiedagar i Volda: 17.-19. juni. Vi sendte i fjor haust ut invitasjon til å komme med forslag til sesjonar og foredrag, og det har gjeve svært godt resultat. Den faglege arbeidsgruppa for Historiedagane har fått både mange forslag som kan knytast til konferansens hovudtema: Opplysing, utdanning, skriftkultur, men også forslag med andre tema. Norske historiedagar skal jo også vise breidda og mangfaldet i historiefaget.

«Opplysing, utdanning, skriftkultur» er tre overlappande begrep:

«Opplysing» kan knytast til styresmaktene og andre aktørar sine aktive tiltak ut frå eigen ståstad for å «foredle» eller disiplinere alle grupper av innbyggarar, men særleg det breie laget av folket, «allmugen».

«Utdanning» dreiar seg om meir organiserte og systematiske tiltak for at alle, eller viktige grupper av innbyggarane, skal vere nøydde til å tileigne seg det dei styrande definerer som naudsynte generelle kunnskapar. Først og fremst gjeld dette utbygging av allment skulesystem.

«Skriftkultur» handlar om å vere i stand til å tolke ulike former for skriftteikn for å tileigne seg opplysningar (det vil seie lesekunnskap). Men dette kan vidareførast i det å sjølv meistre å utforme informasjon retta mot andre ved hjelp av skriftteikn (skrivekunnskap). Endå kan også dette utvidast med evne/kunnskap til å formulere seg slik at bodskapen kan nå fram i høve til det etablerte maktapparatet (beherske offentlege arenaer). Vidare er det muleg å trekke inn etablering av kanalar for å nå breiare lesargrupper, til dømes trykkeri, forlagsverksemd og skriftlege massemedia.

Hovudsesjon har tittelen «Skriftkultur – Tileigning, meistring, aksept».

Den faglege arbeidsgruppa for Norske historiedagar 2016 i Volda er: Atle Døssland (leiar), Anders Aschim, Arnfinn Kjelland, Eirik Holmen, Inger Marie Okkenhaug og Ola Teige.

Spørsmål om konferansen kan rettast til: norskehistoriedager2016@hivolda.no