«Kunnskap for framtida»

Retningsliner for publiseringsfondet

Retningslinene vart vedtatt av Publiseringsutvalet 14.11.2013 og Forskingsutvalet 26.11.2013.

Retningslinene vart revidert av Publiseringsutvalet 26.03.2014 (pkt. 2.3).

Fri tilgang (Open Access) - tidsskrift er tidsskrift som er fritt og opent tilgjengeleg for alle på internett. Tilgangen til tidsskrifta er ikkje regulert av abonnementsordningar eller andre hindringar.

1. Ein kan gje støtte til dekning av utgifter til forfattarbetaling (Article Processing Charges, APC, Article Submisson Charges og liknande) ved publisering i reine Fri tilgang (Open Access) - tidsskrift.

1.1. Det vert gjeve inntil kr. 15.000,- (inkl. mva.) i støtte per artikkel.

1.2. Det vert ikkje gjeve støtte til dekning av utgifter til fargetrykk, ekstra illustrasjonar og liknande.

Det vert ikkje gjeve støtte til publisering i hybridtidsskrift. Hybridtidsskrift er tidsskrift der ein betalar for å publisere ein enkeltartikkel gjennom Fri tilgang/Open Access, samstundes som tidsskriftet er abonnementsfinansiert.

2. Føresetnader for tildeling

2.1. Søkjaren må vere knytt til Høgskulen i Volda, og institusjonstilknytinga må kome fram i publikasjonen.

2.2. Eksternt finansierte prosjekt bør som oftast også finansiere forfattarbetaling for artiklar som er eit resultat av prosjektet, og midlar til å dekkje slike utgifter bør ein difor innarbeide i prosjektsøknaden. Det vert difor som hovudregel ikkje gjeve støtte dersom artikkelen er basert på ekstern finansiering og dei eksterne forskingsmidlane kan dekkje utgiftene til Fri tilgang (Open Access) - publisering.

2.3. Artikkelen må registrerast i Cristin, og den publiserte fullteksten skal lastast opp i Cristin for overføring til BraVo (Bibsys Brage).

2.4.Tidsskriftet må vere registrert i Directory of Open Access Journals (DOAJ, www.doaj.org) og må vere på nivå 1 eller 2 i DBH sitt register over publiseringskanalar, sjå (http://dbh.nsd.uib.no/kanaler/).

Om tidsskriftet ikkje er vurdert av DBH/NSD, må forfattaren dokumentere at tidsskriftet er innmeldt for vurdering (http://dbh.nsd.uib.no/kanaler/forslag.do), og at det har rutinar for fagfellevurdering slik at godkjenning på nivå 1 er sannsynleggjort.

3. Ein skal søkje om støtte på eit eige skjema som ein finn på Høgskulen i Volda sine nettsider (Innsida).

Det er ingen søknadsfrist. Forskingsadministrasjonen ved Høgskulen i Volda avgjer søknadane løpande og gir tilbakemelding til forfattaren, og informerer om korleis betaling skal skje.

Ein kan ikkje søkje om støtte i ettertid dersom artikkelen allereie er publisert.

  4. Om retningslinene

Retningslinene og praktiseringa av dei vil løpande bli evaluert av Publiseringsutvalet ved Høgskulen i Volda.

Desse retningslinene vil kunne endrast utan varsel, men utan at allereie innvilga tilsagn om støtte eller avslag vert påvirka.

Publiseringsutvalet sine vedtak er endelege og kan ikkje påklagast.