«Kunnskap for framtida»

Publiseringsfond

Fri tilgang/Open Access inneber at vitskaplege publikasjonar vert gjort fritt tilgjengelege på internett.

Ei av hindringane for slik fri og open tilgang, er at publisering i Fri tilgang/Open Access - tidsskrift kan medføre kostnader til forfattarane. Dette medfører at slik publisering for forskaren framstår som dyrare enn publisering i tradisjonelle tidsskrift, og forskaren vil kunne oppleve dette som eit argument mot å publisere i Fri tilgang/Open Access - tidsskrift.

For å fjerne denne hindringa for fri og open tilgang, har høgskulestyret i samband med budsjettfordelinga for 2014 gjort vedtak om å setje av midlar til eit fond for å dekkje forfattar-/førehandskostnader ved Fri tilgang/Open Access - publisering.

Publiseringsfondet vart oppretta som ei prøveordning gjeldande for 2014 og 2015. Ordninga vart vidareført f.o.m. 2016.

Ein føreset at støtte vert gjeve til artiklar i godkjende kanalar for vitskapleg publisering.

Nærare informasjon om publiseringsfondet

For nærare informasjon om publiseringsfondet ved Høgskulen i Volda, kontakt FoU-rådgivar Geir Tangen. Telefon 70 07 53 44, e-post geir.tangen@hivolda.no

Søknadsskjema kan lastast ned på Innsida.

Om Fri tilgang/Open Access

Meir informasjon om Fri tilgang/Open Access finn du på heimesida til Cristin: http://www.cristin.no/open-access/

Forskingsrådets stimuleringstiltak (STIM-OA) for Fri Tilgang/Open Access

Forskingsrådet ynskjer at resultat frå offentleg finansiert forsking i størst mogleg grad er opent tilgjengeleg. Gjennom STIM-OA-ordninga skal Forskingsrådet medverke til å lette overgangen til open publisering.

Språkrådet

Høgskulen i Volda nyttar omgrepet Fri tilgang i staden for det engelske Open Access som har vore vanleg i det norske forskingsmiljøet. Dette er i samsvar med Språkrådet si tilråding:

http://www.sprakradet.no/Tema/Terminologi-og-fagspraak/Datatermar/#F

European University Association (EUA)

Den europeiske samansluttinga av universitet har i 2015 utarbeidd ei eiga Open Access/Fri tilgang sjekkliste:

EUA's Open Access checklist