«Kompetanse for framtida»
Volda University College

FoU-pris ved Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda

På styremøte 28.10.05 vart det vedtatt å opprette ein FoU-pris for Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda. HVO har frå før oppretta ein pris for godt læringsmiljø.

Målet med FoU-prisen er å rette merksemda mot FoU-arbeid gjennom å synleggjere og heidre framifrå innsats. Ved sidan av å gi honnør til prisvinnarane er intensjonen med prisen at vinnarane skal fungere som førebilete og modellar for resten av fagmiljøet, slik at kvaliteten på og omfanget av FoU-arbeidet aukar.

Alle tilsette, studentar, formelle organ ved høgskulen, brukarar og andre eksterne interessentar kan fremje kandidatar til prisen. Meir informasjon i Retningslinjer for tildeling. FoU-prisen vert delt ut under Forskingsdagane i Volda, som føregår kvart år i september.

 

FoU-prisvinnar 2015: Kåre Heggen

FoU-prisen for 2015 går til professor Kåre Heggen ved Avdeling for samfunnsfag og historie. Målet med FoU-prisen er å rette merksemda mot FoU-arbeid gjennom å synleggjere og heidre framifrå innsats.

I tildelinga la høgskulestyret vekt på at Kåre Heggen har ein betydeleg fagproduksjon innanfor feltet utdannings- og profesjonsforsking. Han har vore med i offentlege utval, og står i fronten når det gjeld kunnskap om forholdet mellom profesjon, kunnskap og utdanning. Han har også i mange år hatt ein viktig brubyggjar-funksjon i forhold til miljøet ved Senter for profesjonsstudier (SPS) ved Høgskolen i Oslo og Akershus, som har vore viktig både for faginnhaldet i masterutdanninga i helse- og sosialfag og som komponent i den nye PhD-utdanninga ved Høgskulen i Volda.

Kåre Heggen har også ein stor fagleg produksjon, både i lærebøker, fagtidsskrift og fagbøker.

Heggen er også ein av pionerane ved Høgskulen i Volda, som kom hit som nyutdanna og har spela ei viktig rolle for det sosialfaglege miljøet heilt frå 1970-talet.

FoU-prisen for 2015 vert delt ut i biblioteket fredag 18. september kl. 11.00.

 

Tidlegare FoU-prisvinnarar

 

2014: Internasjonalt, tverrfagleg prosjekt om medieforsking ved Avdeling for mediefag 2004-2014

FoU-prisen for 2014 gjekk til internasjonalt, tverrfagleg prosjekt om medieforsking ved Avdeling for mediefag 2004-2014, og som no er samla i prosjektet med tittelen Media and the Second Cold War 1975-1991. I tildelinga la høgskulestyret vekt på at prosjekta har gjeve tilbod om deltaking på ulike faglege nivå med felles målsetting om kompetanseheving: Prosjekta har vore tverrfaglege med ei internasjonal og konferanseorientert tilnærming, og har vore med på å byggje opp og delta i både eit nasjonalt og eit internasjonalt forskarnettverk.

Nyheitsoppslag om FoU-prisutdelinga 2014

 

2013: Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag (RLK) 

I 2013 gjekk FoU-prisen til Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag (RLK). Instituttet har klart å skape eit FoU-miljø som er inspirerande og støttande. Resultatet av dette er stor vitskapleg produksjon gjennom mange år. I dag publiserer alle tilsette ved instituttet vitskapleg. Gjennom støtte, entusiasme og gode samarbeids–modellar blir yngre og mindre erfarne forskarar dregne inn i eit produserande fellesskap.

Nyheitsoppslag om FoU-prisutdelinga 2013

 

2012: Jørgen Amdam
Jørgen Amdam er professor i kommunal og regional planlegging og administrasjon. Han fekk prisen for sin store arbeidskapasitet og engasjement for faget, studentane og høgskulen. Gjennom sitt arbeid har han medverka i FoU-arbeid med stor relevans for både Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda. Han har hatt mange faglege og fagpolitiske verv. Han vert òg framheva som ein raus og inkluderande person, med gode evner som miljøbyggjar og inspirator internt ved høgskulen.

FoU-prisen 2012 

 

2011: Historisk institutt
For første gong gjekk prisen til eit fagmiljø. Instituttet har høg fagleg kompetanse og stor forskingsaktivitet. Arbeidet femner vidt, frå middelalderhistorie til nyare internasjonal politikk, frå metodespørsmål i lokal-historisk arbeid til spørsmål om lokal og nasjonal identitet, afrikansk slaveri, velferds- og misjonsarbeid, kulturmøte og kvinneperspektiv.
FoU-prisen 2011

 

2010: Tor-Johan Ekeland
Tor-Johan Ekeland er professor i sosialpsykologi. Han arbeider no med klinisk autonomi, brukarorientert samhandling og kunnskapsteori og praksis – i hovudsak relatert til psykisk helsevern. Ekeland er ein produktiv forfattar, og heilt sidan tidleg på 1980-talet har han publiserte ei rekkje fagbøker, lærebøker og artiklar. 
Nyheitsoppslag om FoU-pristildelinga 2010

 

2009: Michael Schulte
Michael Schulte er professor i nordisk språkvitskap. Han har ein svært omfattande fagleg produksjon med ei rad artiklar på høgt internasjonalt nivå, og han er sentral i oppbygginga av eit miljø kring språkhistorie, skriftkultur og literacy-forsking både i Noreg og Skandinavia.
Nyheitsoppslag om FoU-prisutdelinga 2009
Meir om Michael Schulte

2008: Finn Ove Båtevik
Finn Ove Båtevik er forskar ved Møreforsking Volda. Han er ein allsidig forskar med brei kompetanse og har arbeidd med prosjekt knytt til begge Møreforsking Volda sine satsingsområde: Velferd og regionalforsking.

Nyheitsoppslag om FoU-prisutdelinga 2008 
Meir om Finn Ove Båtevik

 

2007: Peder Haug
Peder Haug er professor i pedagogikk. Han er ein av dei mest aktive forskarane i Noreg på området spesialundervisning og tilpassa opplæring.
Nyheitsoppslag om FoU-prisutdelinga 2007
Meir om Peder Haug

 

2006: Jostein Fet
Jostein Fet er litteratur- og kulturforskar. Prisvinnaren har ein omfattande forfattarskap bak seg, og kan vise til forsking som har lagt grunnlaget for ei nyskriving av norsk kulturhistorie.
Nyheitsoppslag om FoU-prisutdelinga 2006
Portrett av Jostein Fet i Forskerforum: "Ein sein blømar"