Speed-prosjektet

Utval av informantar

Vi nærmar oss forskingsfokuset ved å sjå spesialundervisninga i samanheng med den ordinære opplæringa. For å få innsikt vil vi studere både aktiviteten i klassane og aktiviteten i spesialundervisninga, for samtlege elevar.

Målsettinga er å studere aktivitet og resultat m.m. til 200 elevar som får spesialundervisning. Vi konsentrerer studien om tre grupper; elevar som har dysleksi, dyskalkuli og åtferdsvanskar. Desse elevane går i vanlege klassar. Det gjer at vi på eit statistisk grunnlag har kome fram til at vi må opererer med eit totalt elevtal på omlag 3500. I eit slikt utval vil det vere om lag 80 elevar som har dysleksi, 80 elevar som har åtferdsvanskar og 40 elevar som har dyskalkuli.

Utanom dette er kontaktlærar, dei andre lærarane og dei føresette sentrale kjelder for informasjon.