Speed-prosjektet

Terje Mølster

Terje Mølster er førsteamanuensis i informatikk ved Høgskolen i Hedmark. Dei siste 12 åra har eg undervist og forska på feltet IKT og læring. Eg var mellom anna prosjektleiar for PraksisFoU-prosjektet «Bruk av digitale verktøy – eleven som aktiv kunnskapsprodusent» som prøvde ut ulike arbeidsmåtar med digital verktøy i elevane sitt læringsarbeid på ungdomstrinnet. I SPEED- prosjektet er eg opptatt kva for rolle teknologi og digitale verktøy spelar og kan spele i spesialundervisninga. Vi treng meir kunnskap om korleis lærarane og elevane brukar slike verktøy og kva for innverknad denne bruken har på læringsutbyttet. Eit sentralt spørsmål for prosjektet er om bruken av IKT fører til meir segregering eller inkludering. Mi hovudinteresse i forskingsarbeidet er å studere forholdet mellom IKT og spesialundervisning for å finne ut om det fins eit potensial for å skape eit meir inkluderande læringsmiljø.

E-postadresse: Terje.Molster@hihm.no