Marit Mjøs

Marit Mjøs er FoU-ansvarleg i direktøren sin stab i Statped Vest. Ho har erfaring som lærar og spesialpedagog, i 2007 avslutta ho PhD-prosjektet sitt der ho studerte spesialpedagogen si rolle i dagens skule. Mjøs har eit sterkt fokus på opplæringskvalitet. Auka spesialpedagogisk kompetanse og samordna innsats, lokalt og regionalt, vert vektlagd i denne samanhengen. Tilpassa opplæring og inkludering er sentrale stikkord i Mjøs sitt interessefelt.