«Kunnskap for framtida»

Gunhild Nordvik Reite

Gunhild Nordvik Reite, utdanna allmennlærar med master i spesialpedagogikk. Ho underviser no i pedagogikk og elevkunnskap ved grunnskulelærarutdanninga for 5. – 10. trinn ved Høgskulen i Volda.

Ho har lang erfaring frå grunnskulen på alle alderstrinn, både som lærar i ordinær undervisning, og seinare som spesialpedagog, og kjenner gjennom dette praksisfeltet godt. Hennar interesseområde er særleg spesialundervisning, tilpassa opplæring og inkludering. Ho er særleg oppteken av korleis spesialundervisninga saman med den ordinære opplæringa kan bidra til eleven si utvikling av sjølvverd, autonomi og fagleg og sosial kompetanse.

I SPEED – prosjektet vil ho særleg ha ei kvalitativ tilnærming til korleis spesialundervisning vert gjennomført i skulen.