Speed-prosjektet

Frode Opsvik

Frode Opsvik er høgskulelektor ved Høgskulen i Volda. I 1993 vart eg uteksaminert som cand. scient. i teoretisk partikkelfysikk ved Universitetet i Bergen. Etter nokre år ved Forsvarets forskningsinstitutt på Kjeller, vart eg i 1998 tilsett som høgskulelektor ved Høgskulen i Volda. Hovudtyngda av arbeidet mitt ved HVO har vore knytt til matematikkstudia i allmennlærarutdanninga og grunnskulelærarutdanninga. Sidan 2009 har eg vore instituttleiar ved Institutt for realfag i halv stilling. Eg har vore med i eit par FoU-prosjekt ved HVO. I PLUTO-prosjektet «Nye læringsformer og nye roller – lærerstudenten i IKT-støttede læringsprosesser» (2001-2003) prøvde vi mellom anna ut ulike organisatoriske og prosessmessige endringar i studentane sitt læringsarbeid i matematikkstudiet. I PRAKSISFOU-prosjektet «Kvalitet i opplæringa» (2007-2011) var eg mellom anna med i delprosjektet «Nærstudium av matematikkfaget» der matematikkundervisning i nokre utvalde fjerde- og sjuandeklasser vart observert og analysert.
Som deltakar i SPEED-prosjektet, ønsker eg å studere kva tiltak som vert gjort i spesialundervisninga for å gi elevar med matematikkvanskar meistringsopplevingar og ei positiv fagleg utvikling. Korleis vert spesialundervisninga og matematikken tilpassa til den enkelte eleven, og korleis støtter den ordinære undervisninga opp om eleven si faglege utvikling?

E-postadresse: Frodeo@hivolda.no