Speed-prosjektet

Arne Kåre Topphol

Arne Kåre Topphol er førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda. Eg er utdanna fysikar frå Universitetet i Bergen, cand.scient. (1985) og dr.scient. (1990) i eksperimentell partikkelfysikk. Sidan 1990 har eg vore tilsett ved HVO. Undervisninga mi her har vore knytt til matematikkstudia i allmenn- og grunnskulelærarutdanningane, naturfagdidaktikk i PPU, kvantitativ metode og statistikk i Spes.ped. master samt etter og vidareutdanning for lærarar. I to perioder har eg vore seksjons- og instituttleiar for matematikk og realfag. Frå 1997 til 2003 var eg prorektor ved HVO. Eg var med i PRAKSISFOU-prosjektet «Kvalitet i opplæringa» (2007-2011) og var der særleg interressert i å studere undervisninga i matematikk og naturfag.
I SPEED prosjektet ønskjer eg å studere organiseringa og innhaldet i spesialundervisninga i matematikk. Kva er det matematikkfaglege innhaldet elevane møter og korleis vert dette tilrettelagt for dei? Kva type matematisk kompetanse vert det lagt opp til at ulike elevar og elevgrupper skal utvikle? På kva måte skil spesialundervisninga seg frå den ordinære undervisninga , og på kva måte er dei to like?

E-postadresse: akt@hivolda.no