Anne Randi Fagerlid Festøy

Anne Randi Fagerlid Festøy er tilsett som stipendiat ved Høgskulen i Volda er
tatt opp ved PhD-programmet i profesjonsretta lærarutdanningsfag ved Høgskolen
i Hedmark. 
Interessefeltet hennar omhandlar spesialundervisninga elevar på småskulesteget får.  

Doktorgradsprosjektet skal dekkje eit område Speed-prosjektet ikkje går inn i; verksemda for dei yngste skulebarna. Forskingsspørsmålet er «Kva kjenneteiknar spesialundervisninga på barnesteget?». Eit grunnleggjande perspektiv er tilhøvet mellom individ og fellesskap, og tilhøvet mellom organiseringa og den faktiske aktiviteten i spesialundervisninga, både den eleven får inne i og utanfor klassen.

Festøy er utdanna førskulelærar ved Høgskulen i Volda, med vidareutdanning i småskulepedagogikk ved Høgskolen i Stavanger og Høgskulen i Volda. Vidare har ho fullført mastergrad i spesialpedagogikk ved Høgskulen i Volda. I mastergradsarbeidet var fokuset læraren sitt møte med den aktive eleven i undervisninga.

Ho har arbeidserfaring frå både barnehage og skule. Festøy har også erfaring som miljøterapeut innanfor barnehabiliteringstenesta. Dei siste åra har ho vore tilsett som høgskulelektor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda.