Speed-prosjektet

Metode

Vi skal gjennomføre ei omfattande kartlegging med ei stor gruppe elevar på 5., 6., 8. og 9. klassesteg. Undersøkinga skjer klassevis der både dei som får og ikkje får spesialundervisning er informantar. I tillegg skal kontaktlærar, dei andre lærarane på skulane som deltek og føresette delta i undersøkinga. Metoden er nettbaserte spørjeskjema. Dei er utvikla av forskarane. Firmaet Conexus og skulane står ansvarlege for sjølve gjennomføringa av datainnsamlinga. I kartlegginga knytt til faga norsk og matematikk vert det utarbeidd eigne kartleggingsskjema.

Etter den første kartlegginga skal vi observere undervisning av dei same elevane både i ordinær opplæring og i spesialundervisning. Det vil i denne perioden også verte gjennomført semistrukturerte intervju med elevar, foreldre og lærarar om spesialundervisninga.

Til slutt skal vi gjenta den første kartlegginga. Målet er å samanlikne resultata frå dei to kartleggingane (som vert gjort med 1 års mellomrom), og relatere resultata til observasjonane og intervjua.