Speed-prosjektet

Bakgrunn

Interessa for å studere spesialundervisninga har sin bakgrunn i det faktum at opp mot ein tredel av elevane i skulen synest ikkje å passe inn der. Det blir tydeleg i fråfallet i vidaregåande, men det finst indikasjonar at eit stort tal elevar tidleg i skulekarrieren viser teikn som signaliserer at dei strevar.

I følgje opplæringslova § 5.1 skal elevar som ikkje har tilfredsstillande utbyte av den ordinære opplæringa få tilbod om spesialundervisning. Dei nyaste studiane tyder på at den faglege definisjonen av spesialundervisning er uklar, og varierer mykje. Det tyder at kva som skil spesialundervisning frå ordinær opplæring er uklart.

Rekrutteringa til spesialundervisning varierer enormt, frå skular der ingen får slik opplæring til skular der rundt 20 prosent av elevane får det. Det er store variasjonar mellom kjønn og når det gjeld kva grunnlaget tildelinga av spesialundervisning er. Dei som har tydelege diagnosar får lettare slik opplæring enn andre.

Det er lite kunnskap om kva som går føre seg i spesialundervisninga, og korleis elevane faktisk arbeider når det er slik opplæring.  Det er også lite kunnskap om undervisninga av elevane som får spesialundervisning i dei delane av skuledagen då dei tek del i den ordinære opplæringa.

Organiseringa av spesialundervisning varierer mykje. Mest utbreidd er at denne opplæringa skjer i smågrupper eller individuelt (gjeld 75 prosent av alle som får spesialundervisning). Samstundes er det ei målsetting at skulen skal vere inkluderande, noko det er stor tilslutnad til.

Utbytet av spesialundervisninga er også omstridt, og den varierer truleg mykje.