«Kunnskap for framtida»

Det opne språket

Prosjektet er eit tverrfagleg samarbeidsprosjekt med internasjonalt perspektiv. Hovudmålet med prosjektet er å skape og formidle ny kunnskap om korleis språket blir brukt til å fremje kulturendringar, og om korleis kulturendringar nedfeller seg i språket.

Hovuddelen av prosjektet er å skrive norsk målreisingshistorie frå 1700-talet til i dag. Tre doktorgradsstipendiatar knytt til Ivar Aasen-instituttet skal ta for seg dei ulike bolkane: Jens Johan Hyvik (1739-1885), Oddmund L. Hoel (1885-1950) og Aase Norunn Digernes (1950-2005). Prosjektleiar er professor Stephen J. Walton. Oppstart hausten 2003, skal avsluttast hausten 2006.