«Kunnskap for framtida»

Skal vere med å betre folkehelsa

Publisert: 06.01.2017 15:15 av Per Straume

I konkurranse med fleire andre institusjonar valde Helsedirektoratet Høgskulen i Volda sitt fagmiljø til å evaluere satsingsprosjektet «Nærmiljø og lokalsamfunn som fremmer folkehelse».

folkh_620.jpg
Grethe Mari Mattland Olsen (t.v.) og Randi Bergem er to av dei som skal arbeide med følgeevalueringa.

Avdeling for samfunnsfag og historie ved Høgskulen i Volda (HVO) har fått oppdraget, som har ei økonomisk ramme på  1,1 million kroner.

I perioden januar 2017 – november 2018 skal høgskulen gjennomføre ei følgeevaluering av den nasjonale satsinga «Nærmiljø og lokalsamfunn som fremmer folkehelse». Det er eit utviklingsprosjekt som finn stad i fylka; Nordland, Finnmark, Vestfold, Østfold, Buskerud, Møre og Romsdal, Rogaland og Hordaland. Desse fylka har fått midlar, som er fordelte på 42 kommunar i deltakarfylka. Fylkeskommunane og kommunane skal sette i gang og/eller vidareutvikle aktivitetar, arbeid og tiltak som skal bidra til helsefremmande nærmiljø og lokalsamfunn.

– Det er veldig kjekt å få eit slikt oppdrag. Å vinne det i konkurranse med andre institusjonar er ei fjør i hatten for oss, seier dosent Randi Bergem, som har skrive søknaden for HVO og er prosjektleiar.

Tett på

Saman med professor Roar Amdam, førstelektor Grethe Mari Mattland Olsen og stipendiat Ellen Strøm Synnevåg skal ho følgje arbeidet i fylkeskommunane og kommunane.

– Vi skal vere med på samlingar undervegs, der deltakarane formidlar sine erfaringar, vi skal intervjue dei som er med, og studere sentrale dokument. Vi vil også etter kvart gi tilbakemeldingar, slik at kommunar og fylkeskommunar  kan justere kursen, i dei tilfella der det ser ut til å vere nødvendig. Det er lagt stor vekt på erfaringsutveksling og kunnskapsdeling mellom kommunane i prosjektet, og i dei prosessane skal vi vere med, fortel Bergem.

Helsedirektoratet har satt i gang prosjektet etter eit ønske frå dei nasjonale politikarane. Målet med satsinga er å bidra til kunnskap om aktivitetar og måtar å jobbe på som kan bidra til helsefremmande nærmiljø og lokalsamfunn. Medverknad er sentralt i tiltaka som vert gjennomført. Volda kommune er ein av kommunane som er med i utviklingsprosjektet. Dei har valt å satse på medverknad blant barn og ungdom.

Kunnskap for heile landet

Bergem og kollegaene hennar, skal undersøke korleis kompetansebygging i kommunar og fylke blir tatt vare på. Følgjeevalueringa skal munne ut i ei erfarings- og kunnskapsoversikt som alle fylkeskommunar og kommunar skal kunne ha nyte av.

– Det er viktig at dei kommunane som ikkje er med i prosjektet, også får tilgang til  kunnskapen som følgeevalueringa skal bidra til å skaffe, seier Bergem

Ekstra gevinst

Prosjekta rundt om i landet er allereie i gang, og i neste veke skal dei HVO-tilsette ha eit møte med Helsedirektoratet før dei for alvor set i gang.

– Å arbeide med eit slikt konkret oppdrag er ein god måte å bruke FoU-tida på. No blir vi tvinga til gjere eit arbeid innanfor ei klart definert tidsramme.

Bergem ser fram til å ta starte opp med prosjektet.

– I tillegg til arbeidet som skal gjerast med sjølve evalueringa, gir slike oppdrag høve til å bygge nyttige nettverk både regionalt og nasjonalt, og vi kjem veldig nær praksisfeltet, seier Bergem og legg til:

– I den dialogen får vi kunnskap som er nyttig for utdanningane våre, . I tillegg kan vi plukke opp eventuelle behov for  vidareutdanningstilbod. Idèar til nye FoU-aktivitetar vil truleg også verte eit resultat av evalueringsprosjektet.