«Kunnskap for framtida»

Barnevernsstudium med minoritetsperspektiv

Publisert: 12.12.2016 09:35 av Per Arne Brandal

– Barnevernstenesta i regionen har eit stort behov meir kompetanse i møte med minoritetsbarn, seier barnevernssjef Brynhild Solvang. No har ni av hennar medarbeidarar teke eksamen i masteremnet «Barnevern i et minoritetsperspektiv» ved Høgskulen i Volda.

Studiet «Barnevern i et minoritetsperspektiv» (15 stp) er eit samarbeid mellom HVO og Høgskolen i Lillehammer (HiL).

Emnet er eit vidareutdanningstilbod på masternivå som er etablert som eit ledd i Barne- og likestillings-departementets (BLD) satsing på eit meir kunnskapsbasert barnevern. Det skal gi tilsette i barnevernet kunnskap som styrker deira ferdigheiter i møte med barn og familiar med minoritetsbakgrunn.

– Nyttig

Det er blitt lagt vekt på at studiet skal byggje på studentane sine erfaringar frå praktisk barnevernsarbeid. Elles er relevant forsking og innføring i å kritisk anvende barnevernsfaglige kunnskapar og arbeidsmåtar sentralt.

Studiet er delt inn i tre hovudtema: «Migrasjon, minoriteter og det fleirkulturelle samfunnet», «Samhandling mellom barnevernet og minoriteter» og «Kritisk refleksjon i barnevernsarbeid med barn og familiar med minoritetsposisjon».

– Eg synest kurset har vore svært nyttig. Vi har teke utgangspunkt i konkrete utfordringar i arbeidet vårt og fått til fruktbare koplingar mellom teori og praksis, seier Torill Osborg Vinjevoll.

Barnevern_migrasjon_620.jpg

Til venstre ser vi tre av dei ni medarbeidarane frå i barnevernet i kommunane Ørsta, Volda, Hareid og Ulstein som har teke eksamen: Torill Osborg Vinjevoll, Mette Tjalnes Sørvik og Gro Nordstrand Tødenes. Vidare ser vi barnevernssjef Brynhilds Solvang, førsteamanuensis Jarle Pedersen, høgskulelektor Jan Einar Flø og førstelektor Ingunn Klepp.

Mogleg del av master

Emnet vil kunne gå inn som eit valfritt emne i mastegraden Helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering.