«Kunnskap for framtida»

Religionspedagogisk forskarforum i Volda

Publisert: 01.12.2016 15:15 av Per Arne Brandal

Høgskulen i Volda (HVO) ved Institutt for religion, livssyn og etikk er torsdag og fredag vertskap for NoReFo (Norsk Religionspedagogisk Forskerforum). – Vi ønskjer å få belyst forskinga som føregår i UH-sektoren innanfor religionsdidaktikk og vi ser også fram til å høyre om forskingsprosjekt her ved HVO, seier NoReFo-leiar Oddrun Bråten.

BA_OB_620.jpgBente Afset frå Institutt for religion, livssyn og etikk og NoReFo-leiar Oddrun Bråten, NTNU. Norsk Religionspedagogisk Forskerforum er ein arena for forskarar og doktorgradsstudentar i UH-sektoren. Forumet ønskjer å stimulere til og auke forskinga på områda religion, tru og utdanning samt å fremje samarbeid om slik forsking.  

Konferansen tok til med ein presentasjon av to aktuelle forskingsprosjekt ved HVO.

Katolske immigrantar

Anders Aschim er professor i religion, livssyn og etikk ved Høgskolen i Hedmark og professor II i idé- og kristendomshistorie ved Høgskulen i Volda. Han orienterte om eit forskingsprosjekt om polske arbeidsinnvandrarar og den katolske kyrkja på Sunnmøre. Det har vore ein stor auke i talet på innvandrarar frå katolske land og katolikkane er den største innvandringsgruppa regionalt og nasjonalt. Dette arbeidet er presentert i boka Kristne migranter i Norden.  Arbeidet er også sentralt i eit nytt masteremne i Master i kulturmøte ved HVO.

Anders_A_620.jpgAnders Aschim.

Toleranse

Bente Afset orienterte om eit prosjekt om toleranse. Dette arbeidet vil bli presentert i ei bok som kjem ut i 2017. Boka vil få tre delar: toleranse i ein (moral-) filosofisk kontekst, toleranse i kyrkje og misjon og toleranse i skule og samfunn. Redaktørane er HVO-forskarane Bente Afset, Birger Løvlie og Arne Redse.

BA_620.jpgBente Afset.

Sjå vidare program her.