«Kunnskap for framtida»

Innovasjonscamp 2017: kulturhus på campus

Publisert: 13.06.2017 09:30 av Per Arne Brandal

Høgskulen er saman med Volda vidaregåande skule (VVS), Volda kommune, Studentsamskipnaden i Volda og Ungt entreprenørskap Møre og Romsdal i går og i dag arena for Innovasjonscamp 2017. 150 elevar skal gje Volda kommune innovative råd om kva aktivitetar det nye kulturhuset på campus skal fyllast med.

Innovasjonscamp er eit program i regi Møre og Romsdal fylkeskommune med fokus på kreativitet og nyskaping. I programmet gjennomfører elevane ein camp der dei får eit reelt oppdrag med ei definert problemstilling som dei skal presentere ei løysning på innan eit avgrensa tidsrom. Oppdraget blir typisk gjeve av ei verksemd eller ein organisasjon frå privat eller offentleg sektor. Elevane jobbar med oppdraget i grupper og presenterer løysingane for ein jury, som kårar ein vinnar.

IC_Jens_G_helsar.jpgProrektor Jens Groven ønskjer elevane frå Volda vidaregåande skule velkomne.

Innspel

Ordførar Jørgen Amdam og Kristian Glomnes heldt nokre korte innleiingar før elevane fekk utdelt oppgåva.

Amdam peika mellom anna på at Volda kommune og samarbeidspartane ønskjer at kulturhuset skal:

• styrkje Volda sitt omdøme som kultur- og studiestad
• auke Volda kommune sin attraktivitet slik at fleire ønskjer å flytte hit
• samle barn, unge og eldre frå Volda og regionen mellom Stryn og Hareid til spennande kulturopplevingar i trivelege omgjevnadar. Her vil det nye kulturhuset få sterk konkurranse frå kulturhusa i Ørsta, Fosnavåg og Ulstein

IC_17_JA.jpgOrdførar Jørgen Amdam.

Kristian Glomnes peika på at ein måtte tenkje «outside the box» og bruke Volda sine heilt spesielle kvalitetar, mellom anna mange dyktige studentar, til å skape eit unikt tilbod.

IC_KG.jpgKristian Glomnes (28) frå Volda. Han  Jobbar no som kursholdar og salskonsulent innan audiovisuelle løysingar hos Lindbak.

Oppgåveløysing

Resten av dagen gjekk med til gruppearbeid der over 20 grupper fekk kyndig rettleiing av Svein Hunnes (Høgskulen i Volda), Erlend Krumsvik (Sunnmøre regionråd), Åshild Widerøe (Sunnmøre kammermusikkfestival), Per Arne Brandal (Høgskulen i Volda), Joakim Rødven (Volda kommune) og Kristian Glomnes.

IC_17_grupper.jpg
Stort engasjement.

Kåring av beste idé

I dag, tysdag 13. juni, skal gruppene legge fram idéane sine i Strøm-aud. frå kl. 11.30. Juryen vil annonsere vinnaren kl. 14.15 same stad. Les meir.