«Kunnskap for framtida»

Sjå seminar om spesialundervisning i skulen direkte tysdag

Publisert: 13.06.2017 09:25 av Per Straume

Tysdag presenterer forskingsgruppa frå Høgskulen i Volda og Høgskolen i Innlandet resultata sine og lanserer samstundes boka som omhandlar forskingsprosjektet SPEED (The Function of Special Education).

Det skjer under eit dagsseminar som tek til i det store auditoriet 09.45 tysdag.

SPEED (The Function of Special Education) er eit forskingssamarbeid mellom Høgskulen i Volda og Høgskulen i Innlandet om spesialundervisning i skulen. – Femti tusen elevar her i landet får spesialundervisning, og skulane brukar ein tredel av pengane sine på dette. Kunnskap om kva denne spesialundervisninga handlar om, og kva som er resultatet av den, har mangla. Vi vonar å ha fått fram kunnskap som kan gjere skulen til en betre plass å vere for alle, og spesielt for dei som får spesialundervisning, seier pedagogikkprofessor og prosjektleiar for Speed-prosjektet Peder Haug ved Høgskulen i Volda.

Sjå heile programmet her