«Kunnskap for framtida»

– Ein merkedag for høgskulen

Publisert: 29.03.2017 15:25 av Per Straume

Siv Elin Nord Sæbjørnsen vart den første kandidaten som disputerte for ph.d.-utdanninga «Helse- og sosialfag. Profesjonsutøving - vilkår og utvikling», som er ein fellesgrad mellom Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde.

sivsabjornsen__620.jpg
Siv Elin Nord Sæbjørnsen disputerte 24. mars.

Sæbjørnsen forsvarte si avhandling ved Høgskolen i Molde fredag 24. mars. Avhandlinga har tittelen Exploring Adolescent Service Users’ Subjective Views about Participation in «Responsible Teams» (Utforsking av unge brukarar sine subjektive syn på deltaking i ansvarsgrupper).

Ei utdanning for framtida

Ph.d.-utdanninga er den første som er gitt av to høgskular i samarbeid i Norge. Etter fleire år med planlegging vart den starta opp hausten 2015. Drygt halvanna år etterpå var det med stor glede at prorektor ved Høgskulen i Volda, Jens Standal Groven, var til stades i Molde under Sæbjørnsen sin disputas.

– Det er ein historisk ph.d.-grad som vi er svært fornøgd med å ha fått i gang på felles kjøl med Høgskolen i Molde. Sæbjørnsen måtte finne seg i å vere gallionsfigur denne dagen for prosjektet som vi håpar skal leve i mange år framover, seier Standal Groven.

For etter ein start med god søking til utdanninga har prorektoren stor tru på det felles prosjektet.

– Vi har 17 kandidatar som er i løypa til ei avhandling i dag. Det lovar godt, og no har vi fått ein god start med den første disputasen.

Standal Groven er glad for det fruktbare samarbeidet ein klart å skape med Høgskolen i Molde.

– Det var verkeleg ein merkedag for oss som høgskule og helse- og sosial-miljøet i Volda og Molde. Vi har lært mykje av Høgskolen i Molde i denne prosessen, dei har ei ph.d.-utdanning frå før og har erfaring med dette.

Forska på ungdom i barnevernet

Sæbjørnsen har forska på korleis ungdommar i barnevernet opplever å delta i ansvarsgrupper. Til saman deltok 28 ungdommar som alle hadde erfaring frå barnevernet sine ansvarsgrupper, samstundes som dei var brukarar av psykisk helsehjelp. Hovudmålet med studien var å utforske ungdommars subjektive syn på å delta i ansvarsgruppene. Det overordna målet med studien var å utvikle meir kunnskap om kva som skal til for å oppnå vellukka prosesser i ansvarsgrupper.

Det vart nytta både kvalitative intervju og Q-metodologi. Sistnemnde metode består av både kvantitative og kvalitative teknikkar og er spesielt utvikla for forsking på subjektivitet.

Det viste seg å vere store skilnadar mellom ungdommanes opplevingar med slike grupper, frå svært positivt til svært negativt. Suksessfaktorar ser ut til å være mellom anna at det er ein tillitsfull relasjon mellom ungdommen og minst en vaksenperson som har myndigheit i ansvarsgruppa. I tillegg kjem det at ungdommen opplever seg anerkjent, høyrd og får påverknad på sin eigen situasjon. Funna talar for at ei ansvarsgruppe først vert ein positiv arena for ungdommen, dersom ungdommen sjølve deltek aktivt. Halvhjerta forsøk på å involvere ungdommar i ansvarsgrupper ser derimot ikkje berre ut til å vere nyttelaust, men også uheldig for ungdommen.

– Det er svært gledeleg at Sæbjørnsen har skrive ei avhandling som tek for seg tverrprofesjonelt samarbeid (TPS). Det er noko vi er opptatt av i Volda og som på sikt kan verte eit eige fag, fortel Standal Groven.

Involvering viktig for ungdommen

Dersom ein legg studien til grunn i arbeid med unge i barnevernet er det sannsynleg at fleire unge vil oppleve å få god og nyttig hjelp, som igjen kan få positiv innverknad på deira utvikling. Studien kan også vere av verdi for vidare forsking på feltet, mellom anna ved bruk av det forskingsmetodiske verktøyet som vart spesielt utvikla for å få fram dei unges eige subjektive perspektiv på deltaking og samarbeid. Studien understreker kor viktig det er å lytte til dei unge og involvere dei i forsking, noko som kan stimulere til meir forsking basert på unge tenestebrukarar sine eigne opplevingar og synspunkt.

 

Siv Elin Nord Sæbjørnsen (53) kjem frå Randaberg. Ho er utdanna vernepleier frå Høgskolen i Bergen frå 1996. Vidare har ho ein mastergrad i Family-related Social Work and Policies in EU frå ISCTE, Portugal frå 2010 og ein mastergrad i sosialt arbeid frå Universitetet i Stavanger frå 2011.  I løpet av hennar ph.d.-studier har ho vore tilsett som høgskulelektor ved HiMolde.

pressefoto:

Siv Elin Nord Sæbjørnsen