«Kunnskap for framtida»

Forskingsnettverk

Møreforsking har eigne forskingsavdelingar i Volda, Molde og Ålesund.

I 2015 vart Møreforsking omorganisert, og Møreforsking Volda AS vart oppretta som eit eige selskap. Høgskulen i Volda er aksjonær i selskapet med inntil 49 % av aksjane.

UH Nett Vest er eit formelt nettverkssamarbeid mellom Universitetet i Bergen, Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund. Nettverket vart oppretta 1. januar 2008, og samarbeids-avtalen gjeld for fem år framover. I mars 2009 vart Høgskulen i Volda medlem i nettverket.

Nettverket skal i første omgang styrke den faglege aktiviteten ved kvar enkelt institusjon. Dei enkelte institusjonane skal framleis vere eigne, sjølvstendige institusjonar og vidareutvikle eigne særtrekk og fortrinn. Men saman skal dei ta ei tydeleg regional, nasjonal og internasjonal rolle når det gjeld utdanning og forsking.